Historisk arkiv

UD - Pressemeldinger 1996 - Utanriksdepartementet legg fram Stortingsmelding om Noregs deltaking i Europarådet i 1995

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Utenriksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Utenriksdepartementet


29. mars 1996

Utanriksdepartementet legg fram Stortingsmelding om Noregs deltaking i Europarådet i 1995

-Europarådet yter i dag ein verdifull innsats for å fremme stabilitet, demokrati og reformer på tvers av gamle skiljeliner i Europa. Europarådet har også ein eigenverdi som alleuropeisk forum for erfarings- og meiningsutveksling og nytenking, ikkje minst for land som står utanfor EU, heiter det i Stortingsmelding nr 35 (1995-96), som vart lagt fram i dag.

Stortingsmeldinga gir eit oversyn over Noregs deltaking i Europarådet i 1995, og peikar særleg på at Europarådet no er blitt eit verkeleg alleuropeisk forum. I 1995 fekk Europarådet fem nye medlemsland: Latvia, Moldova, Albania, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Ukraina. Etter at Russland vart medlem 28. februar i år, omfattar organisasjonen i dag omlag 600 millionar innbyggjarar og dekkar mest heile det geografiske Europa.

-Hovudutfordringa for Europarådet i tida framover blir å vidareutvikle sitt sjølvstendige bidrag til det alleuropeiske samarbeidet. Særleg viktig er det at medlemskapspliktene blir følgde opp og respekterte i både nye og gamle medlemsland, understrekar Regjeringa i Stortingsmeldinga. Meldinga tar for seg mellom anna det politiske samarbeidet i organisasjonen, arbeidet med menneskerettar, demokratibygging, kultur og utdanning, ungdom og likestilling.


Lagt inn 29 mars 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen