Historisk arkiv

12 nye kommunar skal prøve ut fritidskort

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Frå og med hausten blir prøveprosjektet med nasjonal fritidskortordning utvida med 12 nye kommunar. Målet med prosjektet er å hente inn erfaringar til korleis ei nasjonal fritidskortordning bør innrettast.

Ordninga er retta mot alle barn i alderen 6 til fylte 18 år og skal dekkje utgifter til faste, organiserte aktivitetar. I år har regjeringa sett av 180 millionar kroner til prøveprosjektet.

- Eg er glad for at vi får fleire kommunar med på å teste ut fritidskortet. For at vi skal få et godt prøveprosjekt treng vi ei samansetting av kommunar som er eit Noreg i miniatyr. Derfor består prøveprosjektet av kommunar av ulik storleik, frå ulike landsdelar, med ulik del barn i låginntekt og ulik erfaring med liknande ordningar, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Det er eit viktig mål for regjeringa at alle barn og unge skal kunne delta på fritidsaktivitetar i lag med andre på same alder, uavhengig av kor mykje foreldra tener eller kor mykje ressursar dei har til å følgje opp barna.

- Med fritidskortet vil vi gi barn og unge like høve til å utvikle seg saman med andre barn og unge, få nye venar, bli inkludert og ha fine opplevingar. For mange barn gir ein fritidsaktivitet ein plass å høyre til, seier Ropstad.

Fritidskortordninga blir allereie i dag prøvd ut i 12 kommunar. I tillegg til dei nye kommunane vil Asker, Skien og Tromsø som i dag deltek med utvalde område av kommunen inkluderast i sin heilskap frå hausten 2021. Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som har vurdert søknadane frå kommunane som vil bli med på prosjektet.

Nye kommunar frå hausten 2021:

  1. Sokndal
  2. Kvinesdal
  3. Drammen
  4. Råde
  5. Stord
  6. Bømlo
  7. Fitjar
  8. Kautokeino
  9. Lillehammer
  10. Modum
  11. Volda
  12. Kristiansund

Følgande 12 kommunar deltek allereie i prøveprosjektet:

  1. Arendal (frå hausten 2019)
  2. Vadsø (frå hausten 2019)
  3. Asker (Asker sentrum) (frå hausten 2020)
  4. Fauske (frå hausten 2020)
  5. Halden (frå hausten 2020)
  6. Haugesund (frå hausten 2020)
  7. Kvam (frå hausten 2020)
  8. Namsos (frå hausten 2020)
  9. Oslo (bydel Grorud) (frå hausten 2020)
  10. Skien (nokon område) (frå hausten 2020)
  11. Stor-Elvdal (frå hausten 2020)
  12. Tromsø (nokon område) (frå hausten 2020)