Historisk arkiv

Amerikanske matematikarar får Abelprisen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Abelprisen for 2015 blir tildelt dei amerikanske matematikarane John F. Nash Jr. og Louis Nirenberg for vesentlege bidrag til teorien for ikkjelineære partielle differensiallikningar.

– Nash og Nirenberg er to gigantar innan matematikken i det 20. århundret. Resultata av arbeidet deira er enda meir merkbart og meir nyttig i dag enn nokon gong tidlegare. Bidraga deira er som ei solid verktøykasse som kan brukast til å løysa ulike fysiske, praktiske eller matematiske problem. Eg vil gratulere dei begge som vinnarar av Abelprisen 2015, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Nash og Nirenberg er anerkjende for sine bidrag til feltet partielle differensiallikningar, som opprinneleg blei utarbeidde for å beskriva fysiske fenomen. Dei har aldri samarbeidd om artiklar, men kjenner kvarandre frå studietida, og har hatt stor innverknad på kvarandre og på fagfeltet.

John F. Nash Jr. er 86 år gammal og har arbeidd ved Princeton University og Massachusetts Institute of Technology. I 1950-åra beviste Nash viktige utsegn om partielle differensiallikningar. Utanfor matematikken er han mest kjend for ein artikkel om spelteori og slutningstaking, som til slutt gjorde at han fekk Nobelprisen i økonomi i 1994. Dette er også tillagt stor vekt i filmen om han, A Beautiful Mind frå 2001.

Louis Nirenberg er 90 år og arbeidde ved Courant Institute of Mathematical Sciences ved New York University. Nirenberg er født i Canada og har hatt ein av de lengste og mest feira karrierane innan matematikk.

Sjølv om dei to abelprisvinnarane ikkje har samarbeidd om artiklar, hadde dei stor innverknad på kvarandre i 1950-åra.

Abelprisen anerkjenner framifrå vitskapeleg arbeid i matematikk, og er på seks millionar kroner. Prisen har vore utdelt årlig siden 2003. I år deler Hans Majestet Kong Harald ut prisen under ein seremoni i Oslo den 19. mai.

Meir om prisen og prisvinnarane finn du på http://www.abelprisen.no/