Historisk arkiv

Inviterer til nasjonal konferanse om berekraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Utenriksdepartementet inviterer til konferansen "Veien mot 2030". Målet er å mobilisere heile landet til ein felles innsats for å nå berekraftsmåla innan 2030

Konferanselogo

Nyheitssaka er oppdatert. Den nasjonale konferansen om berekraft er utsett til 2. juni 2021 grunna koronasitasjonen i Oslo. 

– Heile samfunnet må bidra om vi skal lukkast med å nå berekraftsmåla innan 2030. Det er mange der ute som jobbar med berekraft, og som sit på gode idear og viktige erfaringar om kor skoen trykker. På denne konferansen vil vi samle representantar frå heile samfunnet for å utløyse felles kraft i arbeidet, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister. 

Konferansen går av stabelen 2. juni 2021 kl. 09.00-12.30, og vil vere heildigital. Statsminister Erna Solberg deltek, saman med kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup og utviklingsminister Dag Inge Ulstein. I tillegg vil representantar frå kommunar, fylker, næringsliv, arbeidslivsorganisasjonar, sivilsamfunn og forskingsinstitusjonar halde innlegg og delta i debattar. Sjå heile programmet her.  

Norges engasjement for berekraftsmåla i utlandet og heime heng saman. Eit av temaa for konferansen er kva moglegheiter og utfordringar Norge har for å fremme ei berekraftig utvikling internasjonalt. 

- 2030-agendaen med berekraftsmåla er eit vegkart heile verda har slutta seg til. Det er eit særleg viktig utviklingspolitisk mål for Norge å bidra til at land i utvikling når berekraftsmåla. Det gir oss retning for å nå dei sårbare som treng det mest først. Denne berekraftskonferansen er viktig for vårt internasjonale samarbeid, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein. 

Vil du vere med på dugnaden? Ta ballen og meld deg på her.