Historisk arkiv

2 033 millionar kroner meir i frie inntekter til Viken neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 milliardar kroner i 2020. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Viken og Viken fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2019 til 2020. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2019. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2019 på 4,9 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2020. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2019 til 2020 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2020 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2020 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2019-2020
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
3001 Halden 1 782 689 49 398 2,8
3002 Moss 2 724 818 52 284 2,0
3003 Sarpsborg 3 217 360 84 179 2,7
3004 Fredrikstad 4 524 292 109 675 2,5
3005 Drammen 5 764 754 176 421 3,2
3006 Kongsberg 1 567 087 41 614 2,7
3007 Ringerike 1 696 268 41 732 2,5
3011 Hvaler 268 730 8 839 3,4
3012 Aremark 99 882 2 278 2,3
3013 Marker 220 259 4 999 2,3
3014 Indre Østfold 2 570 204 63 946 2,6
3015 Skiptvet 226 877 4 578 2,1
3016 Rakkestad 503 995 11 042 2,2
3017 Råde 427 950 11 067 2,7
3018 Våler 320 015 16 512 5,4
3019 Vestby 1 019 679 21 365 2,1
3020 Nordre Follo 3 476 313 80 996 2,4
3021 Ås 1 100 240 25 220 2,3
3022 Frogn 899 636 16 064 1,8
3023 Nesodden 1 103 073 31 529 2,9
3024 Bærum 8 437 587 192 885 2,3
3025 Asker 5 787 418 117 723 2,1
3026 Aurskog-Høland 989 731 26 886 2,8
3027 Rælingen 1 014 771 18 944 1,9
3028 Enebakk 610 572 11 710 2,0
3029 Lørenskog 2 255 238 75 747 3,5
3030 Lillestrøm 4 801 448 138 576 3,0
3031 Nittedal 1 384 506 26 990 2,0
3032 Gjerdrum 405 081 12 422 3,2
3033 Ullensaker 2 144 999 88 730 4,3
3034 Nes (Ak.) 1 243 288 33 244 2,7
3035 Eidsvoll 1 389 998 32 843 2,4
3036 Nannestad 755 240 18 245 2,5
3037 Hurdal 182 829 5 923 3,3
3038 Hole 413 270 13 285 3,3
3039 Flå 86 086 3 202 3,9
3040 Nesbyen 216 041 4 090 1,9
3041 Gol 297 941 8 419 2,9
3042 Hemsedal 166 731 6 693 4,2
3043 Ål 305 077 7 038 2,4
3044 Hol 279 823 6 173 2,3
3045 Sigdal 227 359 6 953 3,2
3046 Krødsherad 158 893 4 685 3,0
3047 Modum 798 695 13 982 1,8
3048 Øvre Eiker 1 074 984 29 607 2,8
3049 Lier 1 546 684 43 430 2,9
3050 Flesberg 177 359 1 900 1,1
3051 Rollag 114 196 5 904 5,5
3052 Nore og Uvdal 179 901 1 910 1,1
3053 Jevnaker 384 268 7 582 2,0
3054 Lunner 513 180 7 882 1,6
Til fordeling gjennom året 22 500    
Viken 71 879 811 1 831 842 2,6
       
Viken fylkeskommune 13 439 060 201 472 1,5

Fyrste kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2020, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2019 til nasjonalbudsjettet 2020, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.