Historisk arkiv

468 millionar kroner meir i frie inntekter til Agder neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 1,3 milliardar kroner i 2020. Dette gjev kommunesektoren eit handlingsrom for å kunne gje betre tenester til innbyggjarane og å fortsetje å skape gode lokalsamfunn.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Agder og Agder fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2019 til 2020. Veksten er rekna frå oppdatert anslag på frie inntekter for 2019. Dette anslaget inkluderer ei oppjustering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2019 på 4,9 milliardar kroner i Prop. 1 S for 2020. Dersom ein ikkje reknar med dei ekstra skatteinntektene, vil veksten frå 2019 til 2020 bli høgare enn tabellen viser. Anslaget på dei frie inntektene i 2020 blir ikkje påverka av måten ein reknar veksten.

I all hovudsak kan variasjonen i veksten mellom kommunar og mellom fylkeskommunar forklarast med utvikling og endring i befolkninga, endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i vekstprosenten.

Kommune Anslag 
på frie inntekter 2020 
(1 000 kr)
Vekst frå anslag
på rekneskap 2019-2020
     Nominelle kroner (1000 kr)  Prosent
  1 2 3
        
4201 Risør 419 125 11 285 2,8
4202 Grimstad 1 292 812 30 239 2,4
4203 Arendal 2 497 211 57 716 2,4
4204 Kristiansand 6 212 566 153 543 2,5
4205 Lindesnes 1 388 486 21 816 1,6
4206 Farsund 570 209 14 996 2,7
4207 Flekkefjord 564 452 11 594 2,1
4211 Gjerstad 167 461 5 773 3,6
4212 Vegårshei 145 046 1 763 1,2
4213 Tvedestrand 372 198 6 306 1,7
4214 Froland 337 053 5 516 1,7
4215 Lillesand 440 225 7 899 1,8
4216 Birkenes 320 711 9 671 3,1
4217 Åmli 149 851 6 526 4,6
4218 Iveland 99 931 4 632 4,9
4219 Evje og Hornnes 231 306 4 504 2,0
4220 Bygland 96 135 1 704 1,8
4221 Valle 89 932 1 895 2,2
4222 Bykle 90 365 3 139 3,6
4223 Vennesla 846 106 17 144 2,1
4224 Åseral 78 943 1 098 1,4
4225 Lyngdal 654 056 10 688 1,7
4226 Hægebostad 126 968 5 375 4,4
4227 Kvinesdal 386 856 9 237 2,4
4228 Sirdal 150 086 3 023 2,1
Til fordeling gjennom året 12 500    
Agder 17 740 591 406 580 2,3
       
Agder fylkeskommune 4 092 344 61 050 1,5

Fyrste kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2020, målt i 1 000 kroner.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2019 til nasjonalbudsjettet 2020, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle veksten målt i prosent.