Historisk arkiv

Lønsoppgjeret i staten er i gang

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Staten og hovudsamanslutningane møttest i dag, 1. september, for å starte lønsoppgjeret i staten. Fristen for oppgjeret er 15. september.

Bildet viser forhandlingslederne fra staten, LO Stat, Unio, YS Stat og Akademikerne
Fra venstre: Gisle Norheim, statens personaldirektør, Egil André Aas, LO Stat, Guro Elisabeth Lind, Unio , Pål Arnesen, YS Stat og Anders Kvam, Akademikerne. Foto: KMD

I år er det hovudoppgjer, noko som betyr at alle elementa i hovudtariffavtalane i staten kan forhandlast om. Vanlegvis blir hovudoppgjer gjennomført i april, men på grunn av koronapandemien, har forhandlingane blitt utsette til no.

– Det er ein spesiell situasjon i år med tanke på koronapandemien og dei utfordringane den har gjeve oss alle. Frontfagmodellen er viktig i lønsoppgjeret, særleg i krisetider som no. Eg håpar at forhandlingspartane saman kan finne gode løysingar som respekterer frontfaget og bidreg til å tryggje arbeidsplassane, både i offentleg og privat sektor, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Statens personaldirektør, Gisle Norheim, forhandlar på vegner av staten. Han møtte i dag representantar for hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat.

Les staten sitt krav her.