Historisk arkiv

Landbruks- og matministerens svar på spørsmål nr. 5 i Stortingets spørretime 20.1.2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Spørsmål frå representanten Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål: 

Stortinget har lagt auka matproduksjon på norske ressursar til grunn for landbrukspolitikken. Korleis vil statsråden sørge for eit landbruk som nytta mest mogleg av dei ressursane me har til mat-produksjon?

Svar:

La meg då takke representanten Pollestad for invitasjonen og anledninga til å få debutere også her i Stortinget.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at matproduksjonen skal auke. Grunnlaget for det er at jordbruksarealet vert nytta på ein god måte. Det vert produsert dyrefôr på om lag 90 pst. av jordbruksarealet i landet vårt. I tillegg til det har vi store beiteareal. Eg er glad for å sjå at det er optimisme i landbruket, mellom anna blant saueprodusentane. Det er no marknadsdekning på norsk sauekjøt, etter mange år med underskot. Det gjer at vi kan nytte dei norske beiteareala endå betre enn tidlegare. Det ligg mykje ressursar i beita, og når Nortura no melder om tilgang på 70 000 fleire lam enn for 2 år sidan, så inneber det at desse har gått på beite før Nortura har fått dei. Det er ein god indikasjon på at vi utnyttar ressursane godt.

Noreg er eit grasland, med avgrensa moglegheiter for å produsere plantevekstar med mykje energi direkte til mat for menneske. Når vi ser på grovfôr og kraftfôr samla, så er om lag 80 pst. av fôret til dyra produsert i Noreg. Korn er ei viktig råvare i kraftfôr, men det må supplerast med proteinrike vekstar. Jordbruket har alltid måtta importere råvarer til fôret for å få den kvaliteten som trengst. Vi har hatt lite norsk produksjon, spesielt etter at det vart forbode å bruke kjøtbeinmjøl og fiskemjøl i kraftfôret.

Eg er glad for at dei som utviklar fôr, stadig kjem lenger i å lage reseptar som gjer at ytinga og produktiviteten i fôret aukar. Det er nødvendig at dette arbeidet held fram, sjølv om vi også no må importere. Vi må på mange område handle med omverda og importere varer som vi ikkje sjølve klarer å produsere.

Norske bønder har til alle tider importert ulike driftsmiddel. Samtidig er fôrbehovet til norske husdyr ein stor marknad for norske fôrprodusentar. Her trengst fortsatt mykje forsking og utvikling. Produktiviteten på areala må aukast, og det går føre seg mykje spanande forsking for å utnytte ressursane som også ligg i havet til produksjon av fôr. Auka effektivitet og betre konkurransekraft, både i jordbruket og i matindustrien, er nødvendig for at den norske matproduksjonen skal auke. Då er det sentralt å gje bøndene moglegheit til å bruke ny teknologi og til å nytte ressursane på garden sin så godt som råd er. Det er det mi oppgåve å leggje til rette for.