Historisk arkiv

Ny giv i sauehaldet i Vest-Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Eit treårig saueprosjekt har gitt betydeleg framgang og optimisme i sauehaldet i Vest-Agder. Sauetalet er stabilisert og aukande etter mange år med tilbakegang. Dei tre siste åra har 43 sauebønder bygd nye sauehus eller fiksa på gamle for ca. 100 millionar kroner. Desse husa gir rom for over 6 000 sau.

Vidare blei Vest-Agder beste fylke i landet med heile 83,5 prosent stjernelam på Nortura sin statistikk for 2014, og tap av sau og lam på utmarksbeite viser ein nedadgåande tendens.

Alt dette er god tilpassing til jordbruksavtalen for 2014/15 som økonomisk stimulerer til god slaktekvalitet, høg produksjon pr. dyr og større besetningar.

Sau på beite i Gyland. Foto: Ove Myklebust, prosjektleder «Ny giv i sauehaldet i Vest-Agder». Foto: Sau på beite i Gyland. Foto: Ove Myklebust, prosjektleder «Ny giv i sauehaldet i Vest-Agder».