Historisk arkiv

Møte om situasjonen i delar av jordbærnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Ein del jordbærdyrkarar, spesielt i Agder, har i sommar fått sterkt reduserte avlingar på grunn av angrep av soppsjukdommen gråskimmel. Norges Bondelag og Agder Bær og Grønt AS har bede om møte med politisk leiing i Landbruks- og matdepartementet. Statssekretær Terje Halleland i Landbruks- og matdepartementet har i dag møtt representantar frå Bondelaget og Agder Bær og Grønt.

  På møtet i dag har eg fått ei orientering om situasjonen, som er vanskeleg for fleire jordbærprodusentar,  seier statssekretær Terje Halleland.  Slik skade og reduksjon av avling som ein del jordbærdyrkarar i Agder har hatt i sommar, er ein risiko alle som driv med landbruk er utsett for. Avlingane kan variere mykje frå år til år, avhengig av vér- og veksttilhøve, seier statssekretær Terje Halleland.  

– Det er erstatningsordningar gjennom jordbruksavtalen dersom avlinger blir øydelagt av klimaskader, men slike skader som ein del jordbær-bønder nå opplever kjem  ikkje inn under desse ordningane. Bøndene har sjølve vore med på å utforme desse ordningane, seier Halleland. Norges Bondelag ønskjer ikkje å gjere om på den inngåtte jordbruksavtalen. Jordbruksorganisasjonane har høve til å ta opp desse ordningane i dei årlege jordbruksforhandlingane i, seier Halleland.

For all plantedyrking vil problem med sjukdom og skadedyr variere med vér- og veksttilhøve, dyrkingsteknikk, sortsval osv. – Det blir gjort eit stort offentleg arbeid med forsking, utvikling og rettleiing for bøndene, seier Halleland. – Det kan vere eit problem at plantevernmiddel får dårlegare effekt mot gråskimmel-sopp, at det blir utvikla resistens mot dei sprøytemidla bøndene bruker. Det følgjer vi tett, og vil prioritere vidare oppfølgjing og forsking på dette, seier statssekretær Terje Halleland.

 

Statssekretær Terje Halleland (t.h) har i dag hatt møte om situasjonen i delar av jordbærnæringa med Bjørn Gimming frå Norges Bondelag, Hanne Nøding og Odd Tore Nøding frå Agder Bær og Grønt
Statssekretær Terje Halleland (t.h) har i dag hatt møte om situasjonen i delar av jordbærnæringa med Bjørn Gimming frå Norges Bondelag, Hanne Nøding og Odd Tore Nøding frå Agder Bær og Grønt. Foto: Kaja Schill Godager/Landbruks- og matdepartementet