Historisk arkiv

Samla tømmerhogst aukar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Samanlikna med for 20 år sidan har den årlege hogsten vore 30 prosent større dei siste åra. Samstundes er talet på eigedomar med tømmer for sal nesten halvert. Det er dei små eigedomane som står for mykje av auken i hogsten

Frå 1996 til 2015 auka gjennomsnittleg årleg hogstkvantum for eigedomar med salsavverking frå 300 til over 700 kubikkmeter. I den same perioden har talet på skogeigedomar som sel tømmer til industrien, gått ned frå 26 000 til 14 000 i året. I 2015 utgjorde desse 14 000 ein dryg tiandepart av skogeigedomane i alt.

På dei minste skogeigedomane har den årlege gjennomsnittshogsten meir enn tredobla seg frå 1996. Trass i at talet på små skogeigedomar som har levert tømmer for sal, er halvert på desse 20 åra, aukar hogstkvantumet mest for denne gruppa.

Skogeigedomar på under 1 000 dekar stod for to tredjedelar av auken i hogstkvantum frå 1996 til 2015. Av dette stod dei små skogeigedomane for meir enn halvparten.

Moderne og effektive maskiner arbeider fort og effektivt.
Frå 1996 til 2015 auka gjennomsnittleg årleg hogstkvantum for eigedomar med salsavverking frå 300 til over 700 kubikkmeter. Foto: Arnold Hoddevik

Størst prosentvis auke i vest

Hogstkvantumet målt i prosent har auka mest i vestlandsfylka. Andre fylke som har hatt stor prosentvis auke i tjueårsperioden, er Østfold, Vestfold og Nordland.

I vestlandsfylka og i Nordland er oppgangen eit resultat av skogreisinga som tok til i 1950-åra, og som var på sitt største i tiåret etterpå. Plantefelta frå 1960-talet er i mellomtida blitt tømmer som no tek til å bli hogstklart.

Hedmark, som er det største skogfylket, står likevel for ein tredjedel av auken i hogstkvantumet i perioden. Frå 1996 til 2015 har årleg hogstkvantum auka med over 50 prosent i landets største skogfylke. Det kan vere fleire grunnar til den store veksten, men auka konkurranse blant tømmerkjøparane dei seinare åra har nokså sikkert verka inn.