Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Røe Isaksen deltek på ei rekke havrelataterte arrangement neste veke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen deltek på ei rekke havrelataterte arrangement neste veke. Mellom anna skal han saman med fleire tusen deltakarar frå heile verda på Nor-Shipping 2019.

- Noreg skal vere eit laboratorium for innovative blå næringar og grøn ferdsel på havet, og vi skal framleis vere ein leiande havnasjon, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Under Nor-shippingmessa skal Røe Isaksen mellom anna møte den britiske minister for shipping Ms. Nusrat Munir Ul-Ghani og leiaren av Brasil sin utviklingsbank Mr. Joaquim Levy. Næringsministeren deltek også på Maritim forum sitt lunsjmøte og han besøkjer messeområdet. Det er forventa at over 30 000 vil delta i den internasjonale arrangementsveka, der fleire enn 1000 selskap presenterer sine produkter, tenester og innovasjonar.

 

Måndag 3. juni:

13.00 – 15.30: Høynivåmøte om Global Compact. Noreg er hovudsponsor i FN sitt næringslivsinitiativ "Global Compact" som jobbar  med å få reinare og rikare hav i verda.
Stad: Parkveien 45, staten sin representasjonsbolig i Oslo.

 

Tysdag 4. juni:
11.15 - 11.45: Møte med leiaren av Brasils utviklingsbank, Mr. Joaquim Levy. (Stad: Nærings- og fiskeridepartementet sine lokaler).

12.30 – 13.00: Møte med britisk minister for Shipping, Ms. Nusrat Munir Ul-Ghani (Stad: Noregs Varemesse på Lillestrøm)

13.15 – 13.45: Maritimt Forum sitt lunsjmøte (Stad: Noregs Varemesse på Lillestrøm)

13.45 – 14.45: Besøk på messeorådet (Stad: Noregs Varemesse på Lillestrøm)

 

Torsdag 6. juni:

12.00 – 1400: Røe Isaksen mottek rapporten "Sjøfolks karriereveier" frå Norsk Sjøoffiserforbund. Her vil han også møte lærlingar og studentar. Stad: Maritimt hus, Rosenkrantz' gate 15, Oslo

15.00 – 16.00: Røe Isaksen deltek på Ocean Now-festivalen. Stad: Skur 13 Filipstadveien, Oslo

 

Laurdag 8. juni er det verdas havdag (World Oceans Day). Dagen skal skape merksemd rundt hava og det marine økosystemet.