Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Næringsministeren til Rogaland 31. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Teknologi, gründerar og robotisering er blant temaa når næringsminister Iselin Nybø (V) besøker ulike bedrifter i Rogaland 31. august.

– Det ligg store moglegheiter for norske bedrifter i digitalisering. Gjennom digitale verktøy som dronar, autonome køyretøy og kunstig intelligens kan bedrifter auke produktiviteten samtidig som dei kuttar utslepp. Eg gleder meg til å høyre meir om digitalisering og innovasjon i praksis, og korleis det dannar grunnlaget for viktig verdiskaping i Rogaland, seier Nybø.

  • I Stavanger skal Nybø besøke Bouvet AS, eit av Noregs raskast veksande rådgiving- og IT-selskap. Her vil ho få demonstrert forskjellig teknologi, mellom anna VR-teknologi og dronar.

  • På Tau står eit besøk til Kafé Marthel på programmet, ein kafé som starta opp rett før pandemien, og som har klart å drive kafeen gjennom koronatida.

  • Tau Autonomy Center starta òg opp rett før koronasituasjonen oppstod. Dei har spesialisert seg på test- og øvingsfasilitetar for autonome einingar som luftbaserte dronar og undervassdronar.

  • Hos elektronikkselskapet WestControl skal næringsministeren treffe gründeren bak selskapet som starta opp i 1992. Utgangspunktet for bedrifta var å lage høgkvalitetsprodukt spesielt for maritime og landbruksrelaterte område. I dag kjenneteiknar WestControl seg som eit systemhus som ut frå ein ide kan designe, utvikle og produsere nye produkt til dei fleste bransjar og anvendingar.

Presse som er interessert i å dekke delar eller heile reisa kan ta kontakt med kommunikasjonseininga på media@nfd.dep.no eller 902 51 303 (ikkje SMS).


Program:

Kl. 09.00-10.45

Bedriftsbesøk hos Bouvet og Futurum, Laberget 28, 4020 Stavanger

Kl. 12.15-12.45

Bedriftsbesøk hos Kafé Marthel, Ryfylkevegen 1972 A, 4120 Tau

Kl. 13.00-13.45

Bedriftsbesøk hos Tau Autonomy Center, Breivikvegen, 4129 Tau

Kl. 14.00-15.00

Bedriftsbesøk hos WestControl, Breivikvegen 7, 4120 Tau