Historisk arkiv

No kan store publikumsarrangement søke om koronatilskot for første halvdel av 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa har forlenga tilskotsordninga for store publikumsopne arrangement som har måtta avlyse eller nedskalere som følgje av koronapandemien. Frå og med i dag, 21. mai, kan disse arrangementa søke om tilskot.

– Pandemien legg framleis store avgrensingar for folk å samlast. Mange av dei store publikumsopne arrangementa bidrar til aktivitet og verdiskaping for regionane og for heile landet. Derfor er det viktig at vi stiller opp slik at vi har disse arenaene òg etter at pandemien er over, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Tilskotsordninga for store publikumsopne arrangement vart etablert i 2020. No opnar Innovasjon Norge for søknader for arrangement som var planlagt for perioden 1. januar til 30. juni 2021. Regjeringa har løyvd 260 millionar kroner til ordninga i 2021.

Ordninga gir tilskot til store publikumsopne arrangement med nasjonal og regional verdi. Ordninga gir 60% av faktisk underskot per arrangement og er likelydande den første runden av ordninga som gav tilskot til arrangement i 2020, men med følgjande endringar:

  • Talet på deltakarar per arrangement er sette ned frå 350 til 200
  • Nedskalerte arrangement med under 200 fysiske deltakarar kan ikkje ta imot tilskot
  • Arrangementet må ha vore planlagt før 1. januar 2021
  • Det betinga tilskotet på 20% av tilskotsbeløpet der eit liknande arrangement tidlegare måtte haldast innan utgangen av 2022, er utvida til 2023.

Det betinga tilskotet på 20% som kan trekkast frå dersom det ikkje blir halde eit liknande arrangement innan utgangen av 2023, er ikkje formelt godkjent av Stortinget. Stortinget behandlar forslaget saman med revidert nasjonalbudsjett 18. juni.

Les meir om ordninga på Innovasjon Noregs nettstad