Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statsråd Astrup hovudtalar på Eat-forumet i Stockholm

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Nikolai Astrup deltek på Eat-forumet i Stockholm 11.-12. juni der han er ein av to hovudtalarar.

Konferansen samlar over 500 deltakarar frå politikk, næringsliv, sivilsamfunnet og vitskaplege miljø for å diskutere ulike sider av helse- og miljøutfordringane ved dagens matsystem.

Utviklingsministeren held tale under første dag av konferansen under temaet berekraftig bruk av havet. Han vil også snakke om regjeringas komande handlingsplan for berekraftige matsystem i utanriks- og utviklingspolitikken.

- Vi må trappe opp arbeidet med å trygge verdas tilgong på mat. Vi må arbeide på tvers av sektorane for å lukkast, seier Astrup.

- Vi må også erkjenne at tradisjonell landbruksbistand ikkje er tilstrekkeleg. Vi må sjå på heile verdikjeda, heile matsystemet, ikkje berre bonden, seier Astrup.

Noreg bidreg også under konferansen til å arrangere eit av diskusjonsforuma om berekraftig bruk av havet.

- Noreg er ein leiande havnasjon med mykje kunnskap og kompetanse. Dette er ein viktig del av det breie samarbeidet vårt med utviklingsland om havspørsmål. Noreg har derfor teke initiativ til eit internasjonalt fond mot marin forsøpling. Skal vi kunne leve av havet også i framtida, må vi sørge for at det er reint, seier Astrup.

Astrup deltek på møtet både måndag og tysdag og vil også ha møte med ei rekkje aktørar under opphaldet i Stockholm, blant anna EAT-grunnleggjar Gunnhild Stordalen, direktør i Verdsbanken, Kristalina Georgieva, og utviklingsminister i Sverige, Isabella Lövin.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 976 71 250