Historisk arkiv

Betre rettsleg grunnlag for DNA-testing og aldersundersøking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har lagt fram forslag om nytt heimelsgrunnlag for DNA-testing og aldersundersøking i utlendingslova i statsråd 15. desember 2006.

Pressemelding

Nr.: 152
Dato: 15.12.2006

Betre rettsleg grunnlag for DNA-testing og aldersundersøking

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har lagt fram forslag om nytt heimelsgrunnlag for DNA-testing og aldersundersøking i utlendingslova i statsråd 15. desember 2006.

DNA-testar blir nytta i søknader om familiesameining dersom det er tvil om familierelasjonen mellom foreldre og born. Aldersundersøking blir i første rekkje nytta i asylsaker kor det er tvil om ein einsleg asylsøkjar er mindreårig (under 18 år) eller ikkje.

Utlendingslova har i dag ikkje noko særskild føresegn verken om DNA-testing eller aldersundersøking. Gjeldande praksis med slike undersøkingar er forankra i samtykkje frå søkar.

– Vedkomande som blir beden om å la seg undersøke, vil kunne føle eit press. Den type tiltak det her er tale om, bør derfor ha ei klar forankring i lova, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Dei nye føresegnene er utforma slik at søkjaren kan bli beden om å ta ein DNA-test eller å la seg undersøkje for å klarleggje alder. Føresegnene inneber elles ingen endringar av realiteten når det gjeld bruk av DNA-testing og aldersundersøking. Kva slags metodar som skal nyttast for DNA-testing og aldersundersøking blir ikkje regulert.

– Dette må i første rekkje handterast av UDI i praksis, seier arbeids- og inkluderingsministeren.