Historisk arkiv

Stor statleg satsing mot rasisme og diskriminering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Dei fire siste åra har nær 50 statlege tiltak mot rasisme og diskriminering blitt gjennomførde gjennom Handlingsplanen mot rasisme og diskriminering (2002-2006).

Pressemelding

Nr.: 143
Dato: 24.11.06

Stor statleg satsing mot rasisme og diskriminering

Dei fire siste åra har nær 50 statlege tiltak mot rasisme og diskriminering blitt gjennomførde gjennom Handlingsplanen mot rasisme og diskriminering (2002-2006).

- Dette har vore ein viktig, samla innsats mot eit samfunnsonde som vi må kjempe mot dersom vi skal ha sjanse til å lykkast med integrerings- og inkluderingspolitikken, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Nokre av dei mest sentrale tiltaka i handlingsplanen har vore arbeidet med å styrke det rettslege vernet mot diskriminering, tiltak mot diskriminering i arbeidslivet og betring av tolketenestene. Handlingsplanperioden er no avslutta og evalueringa viser at dei fleste tiltaka har blitt gjennomførde på ein god måte. Planen har hatt positiv verknad når det gjeld å få sett i gang nye tiltak og for å få retta merksemd mot utfordringar på feltet.

- Arbeidet mot rasisme og diskriminering er ikkje slutt med denne handlingsplanen. Dette er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid som vi ikkje kan ta pause frå. Eg ønskjer tettare kopling mellom arbeidet for integrering, inkludering og deltaking og mot rasisme, diskriminering, intoleranse og framandfrykt.

Samstundes påpeiker statsråden at rasisme og diskriminering fyrst og fremst må motarbeidast gjennom den viktige innsatsen som skjer i lokalsamfunn, blant enkeltpersonar og i frivillige organisasjonar.

Planen omfattar diskriminering retta mot urfolk, nasjonale minoritetar og personar med innvandrarbakgrunn. Den inneheld 48 tiltak fordelte på arbeid, offentlege tenester, skule og utdanning, politi/påtalemyndigheit/domstolane, dokumentasjon/overvaking, internett, lokalmiljø, styrking av det rettslege vernet mot etnisk diskriminering og rasistiske ytringar og generelle tiltak.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har utarbeidd ein endeleg statusrapport og ei evaluering av handlingsplanen. Evalueringa er no sendt til utvalde frivillige organisasjonar, Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene og Likestillings- og diskrimineringsombodet for kommentarar og innspel til styresmaktene sitt vidare arbeid på feltet.