Historisk arkiv

Noreg og Vietnam har underteikna avtale om retur og tilbaketaking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Noreg og Vietnam underteikna 4. juli 2007 ein avtale om retur og tilbaketaking av personar utan lovleg opphald i dei respektive landa.

Avtalen om tilbaketaking blir inngått for å regulere samhandlinga mellom Noreg og Vietnam, slik at returar kan gjennomførast på ein avtalt, ryddig og rask måte. Avtalen gjeld begge land og gjensidigheit er eit viktig prinsipp. Begge land vil derfor ha nytte av avtalen.

Avtalen gjeld nordmenn og vietnamesarar som ikkje eller ikkje lenger har gyldig opphaldsløyve i Noreg eller Vietnam. Avtalen angir blant anna ei liste over dokument som er gyldige for å påvise identitet, kva for ein bistand ein kan forvente av det andre landet for å avklare identitet og tidsfristar for tilbakemelding mellom landa.

Avtalen vil truleg tre i kraft i løpet av hausten, men det er allereie inngått eit fruktbart samarbeid mellom norske og vietnamesiske styresmakter som gjer at fleire returar er gjennomført og at tilbaketaking går lettare enn før.