Historisk arkiv

Akutt fôrmangel i EU

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

<p>Den europeiske fôrindustrien slår alarm på grunn av dårlege avlingar, små lager og dårleg kvalitet. No ber dei Kommisjonen om å sette igong spesielle tiltak. </p>

Konsekvensen er at fôrprisen har auka dramatisk, einskilde kornprisar har auka med 15 prosent berre dei 2-3 siste vekene. Mais-prisen har auka med 5 € pr dag, og andre kornsortar ligg 30-40 prosent over fjorårets prisar.

Det er FEFAC, samanslutninga av europeiske forprodusentar, som i går tok opp problema med Europakommisjonen. Årsakene til mangelen på fôr er fleire, det blir peika på at avlingane er små, at ein har små lager og at det er problem med kvaliteten på fôret.

FEFAC peikar også på at EUs reglar for godkjenning av genmodifiserte planter og fórstoff ytterlegare er med på å forverre situasjonen.

Spekulantar driv no prisane oppover. Forprodusentane vil derfor ha Kommisjonen til å gjennomføre ei rekkje tiltak for å betre situasjonen. Mellom anna føreslår FEFAC at landbruksministrane i september vedtar å importere mais frå USA, mellombels oppheve tollsatsar på import og samstundes innføre toll på eksport.