Historisk arkiv

Kommunal EØS-skulering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Etter tre og ein halv dag med intensivt undervisningsopplegg, er dei 24 kursdeltakarane frå Kommune-Noreg ikkje i tvil: EØS-skuleringa har gitt ny kunnskap. –EU blir ofte framstilt som lukka, men her har vi opplevd eit miljø som ønskjer innspel og deltaking, seier Morten Bjørge frå Vadsø.


Opphaldet i Brussel er den tredje av fire modular i KS' kurs for å auke EU- og EØS-kompetansen i kommunene. Og det kan trengast: Om lag 70 prosent av EØS-direktiva som blir vedtekne av Stortinget, har konsekvensar for kommunesektoren. Det viser KS-prosjektet ”EØS-avtalen og norsk kommunalt handlingsrom”, som er utført av Statskonsult og International Research Institute of Stavanger (IRIS).

Djupdykk
- Vi har fått eit djupare dykk i stoffet, og eg har fått eit meir konkret bilete av korleis systemet fungerer. Dette har vore lærerikt over heile fjøla, seier kommunalsjefen i Molde, Magne Orten. - Vi veit at tusenvis av rettsakter i EU blir norsk lov og dermed får følgjer for lokalbefolkninga i aukande grad, påpeikar han. - At Noreg ikkje sit ved bordet der avgjerdene vert tekne inneber eit auka behov for initiativ frå kommunene og auka nærvær i Brussel frå det norske kommune- og regionnivået, seier Orten.


24 deltakarar var med på KS-kurset denne gongen. Tilsaman har om lag 100 kommunetilsette delteke sidan starten i 2005. Foto Rune Bjåstad.

Han og dei 23 andre deltakarane har besøkt EU-institusjonane i Brussel, dei norske aktørane og interesseorganisasjonar for europeisk lokalt og regionalt nivå. Erfaringa frå tidlegare kurs viser at det ikkje berre kastar av seg i form av auka kunnskap, men også i utvikling av nettverk. I sin tur kan det også føre til konkret programdeltaking og internasjonale samarbeidsprosjekt.

– Det er viktig å auke kunnskapen om kva konsekvensar EØS-avtalen har. Men det er minst like viktig å sjå kva mulegheiter EØS gir lokalt, understrekar kursansvarlig i KS, Une Tangen. 

Kommunalsjefen i Molde trekk fram Jan Edøy, tidlegare regionalråd ved EU-delegasjonen, som ein av foredragshaldarane med mykje nyttig og konkret informasjon. Edøy er no tilsett i Europakommisjonen som nasjonal ekspert, og snakka mellom anna om finansieringsmekanismene under EØS, og EUs regionalpolitikk.

Det var eit tema som også rådgjevar Kristin Fosseide i utviklingsseksjonen i Melhus kommune sette pris på å få høyre om. - Denne studieturen har utvilsamt gitt meg auka forståing for korleis EU fungerer, og eg trur det er viktig at kommunen mellom anna har kompetanse på kva som finnast av finansieringskjelder, seier ho.

Betre forståing
Gruppa har hatt eit tett program med førelesingar om EUs utvikling og utfordringar for Noreg, ESAs arbeid med aktuelle saker i kommunesektoren, EUs konkurransepolitikk, EFTA-domstolens virkeområde og forholdet til norsk Høgsterett og Kommissærane og deira kabinett. Dei har også besøkt EFTA, Rådssekretariatet og Europakommisjonen.

Kursleiar har vore seniorrådgjevar Knut Hjorth-Johansen i KS. Han meiner deltakarane har fått med seg ei vesentleg større forståing for korleis avgjerdene vert teke i EU-systemet og korleis EØS slår inn i norsk kvardag. Det stadfestar også fleire av deltakarane.

Nærings- og utviklingssjef Magne Raknes i Bømlo kommune seier det slik: - I min jobb innanfor næringsutvikling er det svært nyttig å kjenne landskapet i høvet til moglege samarbeidsprosjekt og deltaking i EUs mange program. Formålet var å få meir kunnskap, og det har vore artig å sjå korleis brikkene har ”falle på plass”, seier han. - Det er dessutan spennande å sjå dynamikken i EU og lære systemet å kjenne.

Regionale Brussel-representantar
Programmet i Brussel innebar ikkje berre besøk i EU-institusjonane, men også møter med norske aktørar og regionkontora. Det er seks slike regionkontor etablert i Brussel: Nord-Norge, Osloregionen, Stavangerregionen, Trøndelag og Sørlandets Europakontor. Regionkontora er organisert som foreiningar der kommuner og fylkeskommuner kan bli medlemar.

For Bømlo-mannen vart møtet med Vest-Norges Europakontor ei aha-oppleving:
- Bømlo kommune er ikkje medlem, faktisk er ingen kommunar i heile Sunnhordland med – sjølv om regionen har stort behov for europeisk samarbeid! Dette vil eg sjekke ut om vi bør gjere noko med, seier Raknes.

Melhus-rådgjevaren Kristin Fosseide hadde også nytte av å møte "sitt regionkontor". – Det var faktisk ukjent for meg at Trøndelags Europakontor eksisterte, men no veit eg kvar dei held til og har etablert kontakt som eg vil få bruk for seinare, fortel ho.

Opplevde EU ”på kroppen”
Prosjektutviklar og rådgjevar Morten Bjørge frå Vadsø vart slått av den opne mentaliteten gruppa har møtt. Bjørge er statsvitar og hadde god teoretisk kjennskap til EU, han synes det mest nyttige har vore å oppleve EU-miljøet ”på kroppen”.


Morten Bjørge er statsvitar og syns det mest nyttige har vore å oppleve EU-miljøet ”på kroppen”. Foto: Rune Bjåstad.

Også Kongsvinger-rådmannen trekk fram at kurset har gjeve djupare innsikt i mentaliteten i Brussel. - Vi jobbar med Interreg, og det er viktig å få forståing av EU-ideologien, spesielt når ein skal utvikle programsamarbeid og søke støtte frå EU, Oddbjørn Vassli. - Det viktigaste for meg personleg har vore å få løfta perspektivet til det politiske, det europeiske fredsprosjektet som EU i realiteten er.

Morten Bjørge ser det annleis: - For ei lita kommune blir ikkje dei abstrakte pespektiva så viktige. Eg synes det har vore spennande å sjå på nært hald den rolla EU spelar som utviklar og tilretteleggar for lokalsamfunn i store delar av Europa. At EU har ei så sterk rolle som resultatorientert pådrivar for små samfunn har vore ein vekkar for meg. Og her handlar det ikkje om å vere for eller imot medlemskap, men å ta inn over seg dei mulegheitene EU gir, understrekar Bjørge. - Ein har konkrete krav til gjennomføringskraft, men så blir det også ei gjensidig utvikling for dei som samarbeider godt.

Magne Raknes seier seg einig: - EU har løfta område etter område, det har vi sett mange døme på. Dei positive sidene for Noreg er at vi har høve til å delta i dette, gjennom EØS-avtalen.

- Det innblikket vi no har fått i korleis EFTA fungerer, og ikkje minst ESA og EFTA-domstolen, er veldig viktig å vere klar over. Spesielt for ein nærings- og utviklingssjef, som kan bidra lokalt med å auke kunnskapen hos bedriftene, seier Raknes. - Det er mange som satsar på cluster for tida, men det kan vere ein fare i for tette nettverk og for mykje samhandling mellom bedrifter.

Matnyttig
Det mest matnyttige for Kongsvinger-rådmannen har vore Interreg og dei andre sektorprogramma som kommunene kan ta del i, saman med regelverket som omhandlar konkurransetilhøve, likebehandling og forbod mot offentleg støtte, seier han.

Men også innanfor sektorprogramma er det mykje å hente, for å utvikle tenesteproduksjonen i kommunen. – Ein kan godt finne program som til dømes gjev støtte til kompetanseutvikling i kommunale barnehagar, fortel Oddbjørn Vassli.

- Det har dessutan vore interessant å lære å kjenne arbeidsmetoden i EU. Den graden av dialog, openheit og konsensus som herskar i utforminga av politikken, er slåande. Ein kan seie dette på mange måtar er meir demokratisk og gjev betre legitimitet for avgjerdene enn raske handsopprekkingar i kommunestyresalen. Eg trur rett og slett vi har noko å lære av måten som EU praktiserer si saksførbuing og sin vedtaksprosess på, seier Vassli.

Dette er det tredje året kurset blir arrangert. Tilsaman har om lag 100 kommunetilsette delteke sidan starten i 2005.