Historisk arkiv

- Vi vil ha Statsbygg som en del av staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Tale av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ved Statsbyggs 190-årsmarkering 23. november 2006.

- Vi vil ha Statsbygg som en del av staten

Tale av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys ved Statsbyggs 190-årsmarkering 23. november 2006.

Gode statbyggjarar, - gratulerer med dagen!

I arbeidet med denne talen kom eg over eit brev i Riksarkivet. Det er sendt 2. mai 1925 frå tre tilsette i Statens Bygningsinspektorat til finansminister Arnold Holmboe. På denne tida var det ein tidlegare assistent til Bygningsinspektøren som hadde rykket opp som fungerande sjef. I brevet skriv dei tilsette:

"Man har underhaanden bl.a. gjennom notiser i dagspressen bragt i erfaring at den i længere tid forberedte og meget ønskelige omorganisasjon av Statens Bygningsinspektorat atter skal utsettes, samt at den hittil fungerende bygningsinspektør, som i januar d.å. faldt for aldersgrensen, skal gis ytterligere konstitusjon foreløbig for et år.

Undertegnede arkitekter ved Bygningsinspektoratet, som i høi grad vet hvor skoen trykker vil ikke undlate aa fremkomme med sin beklagelse i anledning av utsettelsen.

Vi tillater os derfor aa anbefale for det kongelige Departement at stillingen som Statens Bygningsinspektør, med nødvendig forbehold for den kommende omorganisasjon, i alle fall nu søkes endelig besatt. Saafremt det kongelige Departement finner en konstitusjon i stillingen under de nuværende forhold for ønskelig, gaar vi ut fra at der hertil velges en yngre, helt arbeidsdyktig mann."

Vel, vel. Alt er med andre ord ved det gamle, tenkjer kan hende nokre av dykk.

Og delvis har de rett. Dei tilsette hadde òg då eit ekte engasjement, eigne meiningar og eit utolmod i forhold til korleis verksemda skulle organiserast. Slik har nok også mange av dykk opplevt dei seinare åra med endelause diskusjonar om tilknytingsform; AS, føretak, driftsselskap osv. Eg er difor glad for at denne regjeringa for sin del har konkludert: Vi vil ha Statsbygg som ein del av staten.

Statsbygg er nemleg ikkje heilt som andre eigedomsaktørar. Statsbygg er noko meir. De er òg ein samfunnsaktør. Og slik skal det vere. Det betyr ikkje at de ikkje skal drive effektivt. Men den norske staten skal ta seg råd til å byggje solid og stilfullt, fordi det òg er lønnsamt på sikt. Og vi skal ta oss råd til å ta vare på dei store verdiane det er tale om, så vel økonomisk som kulturhistorisk.

Som del av staten leiger Statsbygg så å seie ut lokale til sin eigen familie. Og vi skyv ikkje problema over på dei. Det er ikkje godt nok for oss å hengje opp panelomnar i alle rom fordi straumrekninga er leigetakaren sitt ansvar. Statsbygg gir deg eit energifleksibelt varmesystem, sjølv om det kostar litt meir. Vi bruker gjerne litt meir pengeressursar i dag, dersom vi sparer naturressursar på sikt.

Statsbygg er noko meir. Som ansvarleg for staten som arbeidsgivar vil eg òg nemne at Statsbygg er viktig for rekrutteringa til statlege arbeidsplassar. Staten kan aldri verte lønnsleiande. Det er dårleg med opsjonsprogram og julegratiale. Men staten kan ofte tilby spennande og interessante oppgåver. Dessutan betyr det ganske mykje korleis dei fysiske omgivnadene på arbeidsplassen er. Statsbygg byggjer og forvaltar statlege arbeidsplassar. Folk trivst lettare i velhaldne bygg. Det er eg overtydd om. Så hald fram med det. Det er viktig både for brukarane av bygningane og dei som jobbar der.

Statsbygg er noko meir. Statsbygg er ein pådrivar i byggjebransjen. Miljøambisjonane i prosjektet Pilestredet Park er eit godt døme. At det skulle vere mogleg å gjenbruke så mykje frå den gamle bygningsmassen trudde kanskje ikkje Statsbygg sjølv eingong, og i alle fall ikkje byggjebransjen, då dei "hårete" målsetjingane vart sette. Men det få eller ingen trudde var mogeleg, det var mogeleg. Gjennom klare krav, jamnleg dialog og idéutveksling mellom Statsbygg, andre offentlege aktørar, entreprenørar, konsulentar og andre private aktørar vart det umogelege mogeleg. Eg håpar tilsette og leiinga på alle nivå i Statsbygg held fram med å drive byggjebransjen i ei meir miljøvennleg retning. Det er gjort store framsteg dei seinare åra. Men ein så stor bransje har framleis mykje ugjord i heile verdikjeda; frå produksjon av byggjevarer, oppføring av nybygg, restaurering, drift og vedlikehald, til riving og gjenbruk. Staten og Statsbygg er store nok til å stille krav om ei meir miljøvennleg retning, på vegne av dei som kjem etter oss.

Statsbygg er noko meir. Statsbygg er over heile landet, frå isbjørnen sitt rike på Spitsbergen og Bjørnøya til det blide Sørlandet og Mandal. Internasjonalt er Statsbygg eigedomsforvaltar i meir enn 50 land ved norske utanriksstasjonar. Eg har hatt gleda av å gjeste fleire av Statsbygg sine regionkontor her i landet den siste tida. Det som slår meg i møte med driftspersonalet er ein rørande entusiasme og eit ekte engasjement for dei eigedomane dei har ansvaret for i kvardagen. Då tenkjer eg: Kvifor er det alltid denne typen stillingar som fyrst blir nemnde når politikarar skal konkurranseutsetje, "outsource" osb.? Dette må då vere nokon av dei aller viktigaste stillingane i arbeidet med eit verdibevarande vedlikehald og nøgde leigetakarar? Så lenge leiinga legg til rette for effektive forvaltningssystem og driftspersonalet legg ned ein arbeidsinnsats som det er rimelig å krevje av dei, så trur eg det er meir å tape enn å vinne på å skilje ut denne typen verksemd. Eg er overtydd om at ein fornuftig miks av eige personale og innkjøpte tenester er det beste for at Statsbygg òg i framtida skal ha den best vedlikehaldne bygningsmassen i kongeriket.

Statsbygg er noko meir. Statsbygg er tradisjonsberar. Både i form av 190 år som statleg eigedomsforvaltar i ulike fasongar, og ikkje minst som forvaltar av kulturhistoriske eigedomar. Eg er veldig tilfreds med den satsinga Statsbygg gjer for å vidareutvikle og styrkje rolla si som forvaltar av ei rekkje kulturhistoriske eigedomar, og dei bidraga de yter inn i det store prosjektet Statens kulturhistoriske eigedomar. Statsbygg har alle moglegheiter til å utvikle seg ytterlegare som ein fagleg sterk og praktisk retta aktør innanfor norsk kulturminnevern.

Til slutt vil eg be direktøren kome å ta i mot ei lita gåve i høve markeringa av 190 år i staten si teneste.

Lukke til vidare!