Historisk arkiv

Iverksetting av innkjøpsregelverket vert utsett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 21/2006
Dato: 02.06.06
Kontaktperson: Seniorrådgiver Ragnvald Berggrav, tlf. 92 45 53 37

Iverksetting av innkjøpsregelverket vert utsett

På grunn av forseinkingar med innlemming av dei nye innkjøpsdirektiva i EØS-avtalen, trer ikkje dei nye forskriftene om offentlege innkjøp i kraft 1. juli som tidlegare varsla. Departementet tek sikte på å setje dei i verk 1. januar.

Dei nye norske forskriftene vart vedtekne 7. april, men regjeringa har venta med å setje dei i verk i påvente av at innkjøpsdirektiva frå EU skal komme inn i EØS-avtalen. Dette er framleis ikkje på plass. Regjeringa er gjort kjend med at Liechtenstein og Island vil godkjenne innlemminga av direktiva i EØS-avtalen seint utpå hausten. Innkjøpsdirektiva vil da kunne setjast i verk 1. januar 2007.

– Eg skulle gjerne sett at vi kunne gjennomført nye og meir fleksible reglar blant anna for elektronisk handel, rammeavtalar og miljø- og sosiale krav, men no får staten og kommunane i staden bruke tida godt fram til nyttår til å gjere oss klare for det nye regelverket, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Endringane i lov om offentlege innkjøp, medrekna gebyr for ulovlig direkte innkjøp vert òg sette i verk 1. januar 2007.