Historisk arkiv

Klart for Skattefunn-kompensasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 5/2006
Dato: 07.02.06
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Steinar Hauge tlf: 22 24 47 85 eller seniorrådgiver Ragnvald Berggrav tlf: 92 45 53 37

Klart for Skattefunn-kompensasjon

Også grundere som ikkje tidlegare har søkt skattefrådrag kan få kompensasjon for ulønna arbeidsinnsats. Dette er klart etter at Fornyings- og administrasjonsdepartementet i dag har vedteke forskrift om kompensasjon for Skattefunn-godkjende forskings- og utviklingsprosjekt for åra 2002, 2003 og 2004.

Bakgrunn for føresegna er Stortinget sitt vedtak om å gi kompensasjon for ulønna arbeidsinnsats i samband med Skattefunn-godkjende forskings- og utviklingsprosjekt. Desse vart sett i verk under vilkår av at det vart gitt skattefrådrag for tiltaket, men det viste seg at slikt arbeid ikkje gav grunnlag for dette. Dermed fekk fleire prosjekt økonomiske problem.

Ordninga er særlig aktuell for ulønna eigeninnsats utført av eigarar/grunderar i små- og mellomstore bedrifter. Det primære kravet for å få kompensasjon er at det er kravd skattefrådrag for ulønna arbeidsinnsats i sjølvmeldinga, men at dette er avslege av skattemyndigheitene. Dersom det ikkje er fremja krav i sjølvmeldinga, kan Konkurransetilsynet, som skal handsame søknadene i fyrste instans, etter skjønn likevel gi kompensasjon dersom timetalet som det vert kravd kompensasjon for er tilstrekkeleg dokumentert. Utbetaling til søkjarar som tilfredstiller det primære kravet, vil bli gjort etter kvart som sakene er ferdig handsama. Dei andre søkjarane vil få utbetaling når ein har endeleg oversikt over omfanget og endeleg budsjettramme for ordninga føreligg, venteleg medio juni d.å.

Nærare opplysingar om ordninga finst på Konkurransetilsynets heimeside.