Historisk arkiv

Sjukefråværet i staten er no på seks prosent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 23/2006
Dato: 22.06.06
Kontaktperson: Fung. informasjonssjef Gunn Janne Myrseth tlf. 952 82 119

Sjukefråværet i staten er no på seks prosent

Sjukefråværet i det statlige tariffområdet (unntatt helseføretaka) auka med 0,3 prosentpoeng frå 5,7 prosent i 1. kvartal 2005 til 6,0 prosent i 1. kvartal 2006. Dette utgjer ein auke på 5,5 prosent.

- Dette er ei utvikling av sjukefråværet som vi må snu, seier statsråd Heidi Grande Røys. Og legg til: - Sjølv om fråværet plar liggje høgare i 1.kvartal enn dei andre kvartala, er det grunn til uro.

Grande Røys syner til tiltak som hennar departement i eigenskap av arbeidsgjevar for dei statstilsette, har sett i gang.

- Vi vil mellom anna leggje vekt på leiarforankring og oppfølging av IA-arbeidet. Spreiing av gode erfaringar og styrking av kompetansen i IA- og helse-, miljø- og tryggingsarbeidet er av dei tiltaka eg vil framheve, seier Grande Røys.

Sjukefraværstalla er delt opp i ulike kategoriar. Det legemeldte fråværet auka slik med 0,3 prosentpoeng til 4,7 prosent. Det eigenmeldte sjukefråværet var uendra på 1,3 prosent i første kvartal i år. Fråværet aukar om lag like mykje for kvinner og menn.

Det totale talet på årsverk i staten er ca. 118 000.


Figur 1.Utvikling i det totale sjukefråværet i staten og i heile arbeidslivet, pluss fordelinga av det legemeldte og eigenmeldte sjukefråværet. 1.kv. 2001-1.kv. 2006.