Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Storsatsing på opne IT-standardar og open kjeldekode i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Alle skal kunne kommunisere elektronisk med det offentlege utan å vere avhengige av programvare frå bestemte leverandørar. Difor seksdoblar Regjeringa satsinga på opne standardar og open kjeldekode i offentleg sektor, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Granda Røys.

Pressemelding

Nr.: 41/2006
Dato: 06.10.06
Kontaktperson: Kommunikasjonssjef Signe Horn, t. 926 03 520

Storsatsing på opne IT-standardar og open kjeldekode i 2007

- Alle skal kunne kommunisere elektronisk med det offentlege utan å vere avhengige av programvare frå bestemte leverandørar. Difor seksdoblar Regjeringa satsinga på opne standardar og open kjeldekode i offentleg sektor, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Granda Røys. På framlegget til statsbudsjett for 2007 er det sett av til saman 10 millionar kroner til desse føremåla mot 1,7 millionar i 2006. Med dette tek Regjeringa eit langt steg for å fjerne tekniske hinder og avgrensingar i det elektroniske møtet mellom offentlege verksemder og omverda.

Opne standardar som offentlege verksemder skal innrette seg etter, skal gjerast tilgjengelege for alle interesserte på internett. Gjennom satsinga på neste års budsjett vil 2007 bli eit gjennombrotsår for Regjeringas arbeid med opne standardar. Grande Røys understrekar at opne IT-standardar legg grunnlaget for meir effektiv samhandling mellom offentlege verksemder, slik at dei kan levere betre tenester til innbyggjarane.

Utvikle offentleg sektor
Open kjeldekode er viktig fordi det gjer det moglig for andre enn dei største leverandørane å medverke til å utvikle offentleg sektor. Mykje av denne programvara er gratis tilgjengeleg, og i offentleg sektor er det mange døme på bruk av open kjeldekode. Likevel har offentleg sektor avgrensa kompetanse på dette feltet. Difor finst det store potensiale for auka bruk, hevdar fornyingsministeren.

Regjeringa vil i 2007 gjennomføre tiltak med sikte på å samle og systematisere erfaring om open kjeldekode, og i tillegg byggje opp tilgangen på kompetanse på dette området. Målet er at offentlege verksemder skal ha tilgang på god støtte, både i form av dokumentasjon og praktisk rettleiing. Konkrete tiltak på dette området vil bli utforma i tida som kjem og presenterast i Stortingsmeldinga om IKT-politikk som leggast fram seinare i år.