Historisk arkiv

Taleportalen stengjer ikkje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 25/2006
Dato: 01.07.06

Taleportalen stengjer ikkje

Taleportalen på nettportalen Noreg.no vert ikkje nedstengd. Nye rundar med leverandør og brukarorganisasjonar har ført til at Noreg.no har forlenge avtalen og vidarefører taleportalen i første omgang ut 2006.

- Eg er svært glad for at vi klarte å finne nye løysingar som medverkar til kraftig reduksjon av driftsutgiftene. Det gir oss grunnlag for å jobbe vidare med å få opp talet på brukarar, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

Taleportalen som vart etablert for eitt år sidan, er ei telefonteneste der blinde og svaksynte gjennom talesyntese får lese opp nyheiter frå det offentlege. På grunn av lite bruk og høge kostnader var planen å legge ned portalen frå 1. juli, men departementet ville gå ein siste runde før dei trekke ut pluggen. Det viste seg å gi resultat.

Noreg.no har no avtalt eit samarbeid med Noregs Blindeforbund og Dysleksiforbundet for å utvikle innhaldet. Ved å gjere tenesta meir attraktiv er målet at portalen ved årsskiftet skal ha minst 500 brukarar i månaden.

Kontaktpersonar for meir info:

  • Fungerande informasjonssjef Gunn Janne Myrseth i Fornyings- og administrasjonsdepartementet på 95 28 21 19
  • Direktør Ove Nyland i Noreg.no på tlf. 97 03 08 63
  • Taleportalen: http://www.norge.no/taleportal/