Historisk arkiv

Grande Røys vil ha innbyggjarane med på laget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Som eit ledd i regjeringa sin fornyingsstrategi for offentleg forvaltning, inviterer fornyingsminister Heidi Grande Røys eit utval innbyggjarar frå heile landet til eit møte i Folkets Hus i Oslo den 20. mars 2007.

Som eit ledd i regjeringa sin fornyingsstrategi for offentleg forvaltning, inviterer fornyingsminister Heidi Grande Røys eit utval innbyggjarar frå heile landet til eit møte i Folkets Hus i Oslo den 20. mars 2007.

Føremålet med møtet er å kome i direkte ordskifte med innbyggjarane om korleis vi kan gjere offentleg sektor betre på deira premissar og sikre god medverknad.
- Det er innbyggjarane som best veit kor skoen trykkjer, og det er dei offentleg sektor er til for, seier fornyingsministeren - Det er alt for få fora i offentleg sektor der dei kjem direkte til orde, og det må vi gjere noko med, seier ho.

Derfor er det vanlege folk som i hovudsak berre representerer seg sjølve, som blir i fleirtal. Men òg byråkratar, politikarar og folk frå hovudorganisasjonane i arbeidslivet vil bli inviterte.

- Å la innbyggjarane kome i dialog med byråkratar, politikarar og dei tilsettes organisasjonar, er eit verkemiddel eg no vil prøve ut, seier Grande Røys.

Sentrale emne vil vere velferd, oppvekst og utdanning, men deltakarane vil òg kunne ta opp andre tema.