Historisk arkiv

Saksbehandlingstiden i Klagenemnda for offentlige anskaffelser

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Spørretimespørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til fornyings- og administrasjonsministeren

Saksbehandlingstiden i Klagenemnda for offentlige anskaffelser

Spørretimespørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til fornyings- og administrasjonsministeren
Datert: 09.03.2006
Besvart: 15.03.2006 av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV)


Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Eg har eit spørsmål til fornyings- og administrasjonsministeren. Spørsmålet lyder slik: « Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) har ei viktig oppgåve. På grunn av at mange klagar til nemnda, har sakshandsamingstida vorte svært lang. Dette har igjen ført til at verksemder ikkje klagar, sjølv om dei meiner at det er grunnlag for klage.

Meiner statsråden den lange handsamingstida påverkar konkurransen, og kva vil statsråden gjera for å setja KOFA i stand til å fylla oppgåva si? »

Statsråd Heidi Grande Røys: Som representanten Sørfonn peika på, har sakshandsaminga i tid i Klagenemnda for offentlige anskaffelser - KOFA - vorte lengre. Saksinngangen har heilt sidan opprettinga i 2003 vore stor, og etterspørselen etter tvisteløysing har auka. Dette har skapt kapasitetsproblem i sekretariatet.

Vi har derimot ingen indikasjonar på at konkurransen om offentlege kjøp vert svekt av den lange sakshandsamingstida. Dette skulle i tilfelle resultert i at færre leverandørar leverte tilbod til offentlege verksemder, fordi dei ikkje får raske svar på klager om brot på regelverket. Så langt har vi ikkje fått tilbakemeldingar om at så skjer.

Sjølv om det ikkje er grunnlag for å tru at konkurransen vert påverka, er eg oppteken av å betre sakshandsamingstida i KOFA. Dei sakene der innkjøpar ventar med å inngå kontrakt, vert prioriterte tidsmessig av nemnda. I desse sakene var gjennomsnittleg sakshandsamingstid 51 dagar. Det er ein viss auke frå 2004.

2005 var eit omskifteleg år for Klagenemnda. Frå opprettinga av var nemnda administrativt underlagd departementet, med kontor i regjeringskvartalet. I mars 2005 vart det administrative ansvaret flytta over til Konkurransetilsynet, m.a. for å tydeleggjere at nemnda er fagleg uavhengig.

Tilsynet sin flytteprosess til Bergen medførte ei nærast full utskifting av sekretariatet i løpet av 2005. Frå årsskiftet 2005/2006 er heile sekretariatet med nytilsette etablert i Bergen, og løyvinga til nemnda for 2006 er òg auka med 800.000 kr jamført med fjoråret. Det vert no lagt vekt på å få ned restansane og handsamingstida generelt. Alt ligg til rette for det, både med stabil bemanning i Bergen og med auka løyving.

Departementet skal så i løpet av 2006 evaluere KOFA. Der skal vi m.a. sjå på om vi bør gjere ytterlegare endringar for å effektivisere nemnda sitt arbeid. Mellom anna vil dagens sakshandsamingsreglar, nemnda sin kompetanse, organisering og klageutgifter, verte vurderte i den evalueringa vi skal ha i løpet av året.

Ingebrigt S Sørfonn (KrF): Eg takkar statsråden for svaret.

Me kan vel på mange måtar seia at KOFA er i ferd med å verta eit offer for sin eigen suksess. Det som er noko av problemet, er at av dei sakene som vert avgjorde, så er det faktisk konkludert med at det for 30 % er brot på regelverket. Når me då får melding om at fleire bedrifter som eigentleg ønskte å klaga, lét vera nettopp av den grunn som statsråden her seier, og når nemnda prioriterer saker der det ikkje er inngått kontrakt, så vert det eit avvegingsspørsmål.

No var jo statsråden rimeleg konkret og kom med ei rekkje tiltak for å betra situasjonen, men eg synest likevel det er ei lita usikkerheit her. Ho nemnde auka løyvingar, men vil det òg verte gjort noko for å gjera terskelen høgare, slik at det vert vanskelegare å klaga, eller vil døra vera like opa til KOFA?

Statsråd Heidi Grande Røys: Vi gjer fleire ting på fleire ulike hald i høve til offentlege innkjøp. Når det gjeld sjølve regelverket, har vi, for å gjere regelverket enklare - og det gjorde jo òg den førre regjeringa - heva terskelen for innkjøp omfatta av anbod. Det har vore viktig, for veldig mange av dei brota som har skjedd, har hatt si årsak i at regelverket har vore for vanskeleg. Ein har ikkje vilja bryte regelverket, men har altså kome i skade for å bryte det. Vi har gjort regelverket enklare og driv no ein omfattande jobb med å rettleie offentlege innkjøparar. Det gjer òg KS.

Eg kjem til å leggje fram ein odelstingsproposisjon for komiteen som representanten Sørfonn sit i, i løpet av ein månads tid. Der vil eg òg vurdere sanksjonar retta mot brot på kommunale innkjøp.

Så er representanten inne på om vi bør sjå på gebyret for å klage. Får vi inn for mange klager på stort og smått? Det er òg ein del av det eg vil vurdere i evalueringa.

Ingebrigt S Sørfonn (KrF): Dette er eit veldig viktig tema, for tillit og truverde til offentlege innkjøp er heilt avgjerande viktig for heile offentleg sektor. Dessverre har det òg i den seinare tida vorte avslørt ein del tilfelle som ikkje har vore så gode - kameraderi og, kva skal me seia, ugreie innkjøpsprosedyrar. At ein nettopp då har denne moglegheita til å klaga til ei nemnd dersom ein er usikker, gjev tryggleik og er med på å gjera tillita og truverdet betre for denne sektoren.

Me har jo i komiteen no òg ei sak som går på å gjera kunngjering av innkjøp under terskelverdien enklare, utan at eg skal ta den saka no. Men kunne statsråden vera litt meir konkret når det gjeld kva tid ventetida vil vera avvikla? Det gjekk jo litt fram av det første svaret, men kan statsråden vera litt meir konkret?

Statsråd Heidi Grande Røys: Eg veit ikkje om eg kan love å avvikle ventetida, for det er klårt at ein her mottek veldig mange klager. Skal ein avvikle ei behandlingstid, betyr det anten at ein ikkje mottek klager, eller at absolutt alle offentlege innkjøparar ikkje gjer noko galt nokosinne. Det er sjølvsagt vanskeleg for statsråden å seie. Men eg har tru på dei tiltaka vi no har sett i gang. Vi har gjort regelverket enklare. Det var ei oppfølging av Bondevik-regjeringa sine forslag. Vi har òg innført protokollplikt for kommunane for alle innkjøp over 100.000 kr, der dei må godtgjere innkjøp for nettopp å synleggjere dei kjøpa dei gjer, slik at ein kan prøve å unngå skuldingar om korrupsjon og kameraderi, som eg er like oppteken av som representanten Sørfonn.

Vi har også gjort andre ting når det gjeld å gjere regelverket enklare. Rettleiing er viktig. Det jobbar både KS og departementet med, slik at folk skal forstå det regelverket dei faktisk skal handtere. Som sagt, å vurdere innføring av sanksjonar mot direkte brot på regelverket trur eg vil rydde opp i området.