Historisk arkiv

Utgreiinga "Om markeder i finansielle instrumenter" blir overlevert finansministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

12/2006

Verdipapirmarknadslovutvalet si utgreiing blir overlevert finansminister Kristin Halvorsen tysdag 21. februar klokka 10.00. Pressa er invitert.

Pressemelding

Nr.: 12/2006
Dato: 20.02.06
Kontaktperson: Anders Lande, telefon 22 24 41 05 / mobil 48 05 33 51, Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95 21 42 83

Til redaksjonen

Utgreiinga "Om markeder i finansielle instrumenter" blir overlevert finansministeren

Verdipapirmarknadslovutvalet si utgreiing blir overlevert finansminister Kristin Halvorsen tysdag 21. februar klokka 10.00.

Etter overleveringa vil Verdipapirmarknadslovutvalet sin leiar, professor dr. juris Rune Sæbø, orientere nærmare om utgreiinga. Orienteringa blir halden på møterom 153 i Finansdepartementet. Pressa er invitert.

Verdipapirmarknadslovutvalet blei oppnemnd 2. juli 2004. Utvalet fekk i mandat å foreslå regelverksendringar for å gjennomføre tre sentrale, EØS-relevante direktiv på verdipapirmarknadsområdet. Arbeidet til utvalet vil få tyding for blant andre verdipapirføretak, regulerte marknader, noterte selskap og investorar.

Utvalet vil foreslå ei ny lov om verdipapirhandel og ei ny lov om regulerte marknader, som vil erstatte gjeldande verdipapirhandellov og børslov. Lovforslaga vil mellom anna gjennomføre to sentrale verdipapirmarknadsdirektiv. Ei av dei mest sentrale endringane er at mellommannsverksemd i varederivat blir konsesjonspliktig.

Utvalet kom med ei delinnstilling om overtakingstilbod ( NOU 2005: 17) 25. august 2005. Les meir her.

Av omsyn til registrering i vakta ber vi om at journalistar som skal delta møter opp seinast kl. 09.55.