Historisk arkiv

Svar på spm. til Ot.prp. nr. 77 (2005-2006) frå Aps stortingsgruppe av 31.5

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Finansdepartementet

Om fritak for eigedomsskatt for jord- og skogbrukseigedomar

Stortinget
Arbeidarpartiets stortingsgruppe
Stortingsrepresentant Reidar Sandal
0026 OSLO

Deres ref

Vår ref

Dato

06/2920 SL

1.06.2006

Spørsmål til Ot.prp nr. 77 (2005-2006) frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe om fritak for eigedomsskatt for jord- og skogbrukseigedomar

Eg viser til brev 31. mai 2006.

Spørsmål:

”Eg viser til Ot.prp. nr. 77 (2005-2006) som for tida er til behandling i finanskomiteen. I den samanhengen tillet eg meg å stille føljande spørsmål:

I kapittel 14 i den nemnde proposisjonen foreslår Regjeringa eit obligatorisk fritak frå eigedomsskatt på jord- og skogbrukseigedommar med same omfang som noverande valfrie unntak i eigedomsskattelova § 7 bokstav e. Kva for delar av jord- og skogbrukseigedommen er omfatta av fritaket etter gjeldande rett, og korleis skal omgrepet våningshus avgrensast frå den elles skattfrie landbrukseigedommen?”

Svar:

I dag kan kommunane velje å skrive ut eigedomsskatt i ”område som heilt eller delvis er utbygde på byvis” og/eller på ”verk og bruk”.

Jord- og skogbrukseigedomar som ligg innafor ”område utbygd på byvis” skal etter gjeldande reglar ileggjast eigedomsskatt, dersom kommunen vel å skrive ut eigedomsskatt i slike område. Etter eigedomsskattelova § 7 bokstav e kan kommunestyret velje å frita eigedom ”som vert driven” som gardsbruk eller skogbruk.

I Ot.prp. nr. 77 (2005-2006) kapittel 14 gjer Regjeringa framlegg om endringar i eigedomsskattelova. Forslaget inneber eit høve for kommunane til å skrive ut eigedomsskatt på alle eigedomar i kommunen, og blir eit alternativ til dagens regel om eigedomsskatt i ”område utbygd på byvis” og ”verk og bruk”. Vidare foreslår Regjeringa å innføre eit obligatorisk fritak for jord- og skogbrukseigedomar med same omfang som gjeldande valfrie regel.

Nedanfor vert det gitt ei omtale av gjeldande rett når det gjeld fritak for eigedomsskatt på landbrukseigedomar.

Det valfrie landbruksunntaket følgjer av eigedomsskattelova § 7 bokstav e, og gjeld eigedom ”som vert driven” som gardsbruk eller skogbruk. Fritaket omfattar innmark, utmark og driftsbygningar som vert nytta i jord- eller skogbruksdrifta. I finanskomiteen si innstilling til eigedomsskattelova, Innst. O. nr. 53 (1974-75) side 6, heiter det:

«Fleirtalet finn det naturleg at kommunestyret i vurderinga av fritak for slike eigedomar legg vekt på om dei blir halde i hevd ved ein driftsmåte som er i samsvar med det som er vanleg jord- og skogbruksdrift i området.»

Fritaket vil difor ikkje omfatte bruk der landbruksdrifta er nedlagt, eller der det ikkje er næringsdrift.

Vidare følgjer det av forarbeida til eigedomsskattelova § 7 at våningshus på garden ikkje er omfatta av eit eventuelt fritak for eigedomsskatt. Det heiter i Ot.prp. nr. 44 (1974-75) side 13 at:

«Det er elles føresetnaden at kommunestyret skal kunna gjera vedtak om fritak for eigedomsskatt med heimel i bokstav d i denne paragrafen for eigedomar som vert nytta til jord- eller skogbruk, bortsett frå våningshus med høveleg tuft og område som går inn under ein vedteken reguleringsplan.»

Når det gjeld taksering av våningshus, er dette også nærmare omtalt i proposisjonen.

Med helsing
Kristin Halvorsen