Historisk arkiv

Fangstbasert havbruk — justeringar i regelverket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet innførde nytt regelverk innan fangstbasert havbruk frå nyttår. I næringa har det vore ein del diskusjon om tolkinga av det nye regelverket og departementet har fastsett ei forskrift for å rette på dette i forhold til tradisjonell stengsetting.

Pressemelding

Nr.: 44/2006
Dato: 06.06.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim 22 24 64 60

Fangstbasert havbruk – justeringar i regelverket

Fiskeri- og kystdepartementet innførde nytt regelverk innan fangstbasert havbruk frå nyttår. I næringa har det vore ein del diskusjon om tolkinga av det nye regelverket og departementet har fastsett ei forskrift for å rette på dette i forhold til tradisjonell stengsetting.

Bakgrunnen for det nye regelverket er å betre ressursutnyttinga, fremme verdiskapingspotensialet i næringa og samtidig sikre at dei metodane ein nyttar tek vare på omsynet til fiskevelferd for den levande fisken. Tolkingsdiskusjonen har særleg vore knytt til reglane om stengsett fisk. Den nye endringsforskrifta presiserer og klargjer forholdet til stengsetting.

Det har i diskusjonen også kome fram ulike haldningar knytt til kravet til plassering av restitusjons- og mellomlagringsmerdar, kravet til fôring av fisken og kva type fôr som kan brukast.

Det var møte om saka 31.mai mellom Mattilsynet, Fiskeridirektoratet og næringa, leia av statssekretær Vidar Ulriksen.

Når det gjeld stengsett fisk har Fiskeri- og kystdepartementet endra forskrifta så det vert klårt at regelverket ikkje skal gjelde for tradisjonell låssetting av sei, makrell, sild, brisling og ål. Dette inneber at føresegner knytt til sortering, bruk av restitusjons- og mellomlagringsmerdar, plassering av desse og krav til helsekontroll ikkje vil gjelde for desse artene.

Fiskeri- og kystdepartementet ser positivt på å vurdere ytterlegare justeringar i regelverket. Dette vil skje på bakgrunn av ei breiare evaluering av det nye regelverket.

Det vert vidare dialog med den fangstbaserte næringa for å legge til rette rammevilkåra med hovudvekt på problemstillingane rundt stengsetting, fôringskrav og fôrtype.