Historisk arkiv

Regjeringa vil leige ut fyrstasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Regjeringa går inn for å stoppe salet av fyrstasjonar og i staden vidareføre ei ordning med utleige av fyrbygningar. Kystverket skal då halde fram som eigar av fyrstasjonane.

Pressemelding

Nr.: 102/2006
Dato: 24.11.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig 91 54 42 35

Regjeringa vil leige ut fyrstasjonar

Regjeringa går inn for å stoppe salet av fyrstasjonar og i staden vidareføre ei ordning med utleige av fyrbygningar. Kystverket skal då halde fram som eigar av fyrstasjonane.

Dette går fram av ein eigen stortingsproposisjon som vert presentert i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2006.

Ved utleige skal fyrbygningane først blir tilbydd kommunar og fylkeskommunar, dernest foreiningar og lag og til siste private. Det vert eit vilkår ved alle leigeforhold at eigedomane skal opnast for allmenta. Leigarane forpliktar seg til å vedlikehalde bygningsmassen. Kystverket vil sjølv vere ansvarleg for dei navigasjonstekniske installasjonane.

Med bakgrunn i prosjektet ”Statens kulturhistoriske eigedomar” har Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket starta ein gjennomgang av Kystverket sin eigedomsmasse. Målet med arbeidet er å lage ein landsverneplan for etaten sine eigedomar. Dette arbeidet skal avsluttast i 2007.