Historisk arkiv

Regulering av fisket etter blåkveite i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2007. Omsynet til bestanden gjer at det framleis er forbode å drive direktefiske etter blåkveite, bortsett frå eit avgrensa kystfiske.

Pressemelding

Nr.: 122/2006
Dato: 18.12.06
Kontakt: Ekspedisjonssjef, Johán H. Williams, 22246440, avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22246491

Regulering av fisket etter blåkveite i 2007

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2007. Omsynet til bestanden gjer at det framleis er forbode å drive direktefiske etter blåkveite, bortsett frå eit avgrensa kystfiske.

Kystflåten kan også i 2007 fiske blåkveite i to periodar. Periodane varer frå måndag 4. juni til og med måndag 24. juni, og frå måndag 30. juli til og med måndag 19. august. Eit fartøy kan berre delta i ein av desse periodane.

Kystfisket vert regulert med maksimalkvotar på 10, 12 og 14 tonn, avhengig av lengda på fartøyet.

Dei som ønskjer å delta i dette fisket må melde seg på skriftleg til Norges Råfisklag eller Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag innan 4. mai. Listene over påmelde fartøy vil bli offentleggjordt.

For fartøy som ikkje har adgang til å delta i det direkte fisket, eller i periodar når det direkte fisket ikkje er ope, kan mengde blåkveite ikkje overskride 7 % ved fiske etter andre fiskeslag.

For fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar og leverer fangst fleire gonger i veka, skal innblandingsprosenten utreknast på vekebasis.

Bifangst som er teken før det direkte fisket opnar, skal trekkjast frå maksimalkvoten til det einskilde fartøyet i det direkte fisket.

Bifangst av blåkveite på årsbasis for den einskilde trålaren og for fartøy over 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskap, er avgrensa til 4% av summen av fartøykvotene for torsk, hyse og sei, men fartøyet kan likevel ikkje ta meir enn 40 tonn blåkveite som bifangst i 2007. Det er nytt for 2007 at det for fartøy over 28 meter vert innført eit bifangsttak på 40 tonn.

- Det er gledeleg at bestanden av blåkveite ser ut til å vere i noko betre forfatning enn i tidlegare år. Likevel er det nødvendig å redusere dei norske fangstane for at totaluttaket av blåkveite ikkje vert for høgt, seier statssekretær Vidar Ulriksen.