Historisk arkiv

Regulering av fisket etter uer i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i norsk økonomisk sone i 2007.

Pressemelding

Nr.: 123/2006
Dato: 18.12.2006
Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter uer i 2007

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i norsk økonomisk sone i 2007.

På grunn av bestandssituasjonen for uer har Fiskeri- og kystdepartementet vedteke ytterlegare innstramming i reglane når det gjeld fiske etter uer.

Fjorårets forbod mot direkte fiske etter uer vert i 2007 utvida til å gjelde i perioden 1. mars til 30. juni og 1. september til og med 30. september. Forbodet gjeld ikkje for fartøy under 11 meter som fiskar med juksa.

- Eg håpar at ein utvida fredingsperiode saman med dei tiltak som tidlegare er innført vil bidra til å betre bestanden av uer, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet, Vidar Ulriksen.

Gjeldande reguleringsordningar for fisket etter uer nord for 62°N vert vidareført med unntak av endringa i fredingsperiodane.

Forbodet mot å fiske uer med trål nord for 62°N vert ført vidare, og det same gjeld bifangstprosenten. Dermed kan ein heller ikkje i 2007 ha meir enn 15 % innblanding av uer i fisket etter andre artar. Forbodet mot å fiske med torsketrål og å fiske vassild og kolmule med småmaska trål i enkelte område vert også vidareført i 2007.

I fisket etter reker er det berre tillate å ha 3 ueryngel som bifangst pr. 10 kg. reke.