Historisk arkiv

Styrka overvaking av framandstoff og økosystem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Regjeringa vil styrke overvakinga av økosystema og av framandstoff i det marine miljøet. I forvaltingsplanen for Barentshavet går regjeringa inn for å etablere ei rådgivande gruppe for overvaking av Barentshavet, leia av Havforskingsinstituttet.

Pressemelding

Nr.: 26/2006
Dato: 31.03.2006
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Inger Oline Røsvik 22 24 64 59

Styrka overvaking av framandstoff og økosystem

Regjeringa vil styrke overvakinga av økosystema og av framandstoff i det marine miljøet. I forvaltingsplanen for Barentshavet går regjeringa inn for å etablere ei rådgivande gruppe for overvaking av Barentshavet, leia av Havforskingsinstituttet.

- Havforskingsinstituttet gir med sine økosystemtokt i området eit vesentleg bidrag til forståinga av økosystema og innsamling av prøver for å overvake framandstoff. Desse tokta, i samarbeid med russiske forskingsfartøy, vil vere ein hovudreiskap også i framtida, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

- Ei god overvaking er viktig for å dokumentere at norsk fisk er fanga i eit reint hav. Og vi blir i stand til å oppdage eventuelle endringar i miljøet på eit tidlegast muleg tidspunkt. Det gir dokumentasjon som kan brukast internasjonalt for å få stogga utslepp som kan tilførast gjennom lufta eller med havstraumane, seier Pedersen.

Fiskeri- og kystministeren understrekar at større kunnskap om økosystema vil styrke grunnlaget for ei berekraftig hausting av dei levande marine ressursane, det gir betre innsikt om samanhengen mellom ulike delar i økosystema og bidrar til meir langsiktige forvaltingsstrategiar. Det vert også lettare å kunne vurdere den innverknaden ulike verksemder har på økosystemet i havet. På denne måten vil Noreg framstå som ein føregangsnasjon i forvalting av havområde.

Den rådgjevande overvakingsgruppa vert breitt samansett med meir enn eit titals institusjonar som har sektoransvar og driv forskings- og overvakingsverksemd i området.

Les også: