Historisk arkiv

Regulering av sildefisket i sør i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2008.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2008.

Bestanden har hatt sviktande rekruttering dei seinare åra. For å sikre næringa stabilitet skal kvoten i følgje forvaltingsregelen berre variere 15 % opp eller ned frå år til år. På grunn av den sviktande rekrutteringa vart totalkvoten likevel sett ned med 41%. Den norske kvoten er på 58.356 tonn i 2008.

Etter overføring til tredjeland og etter avsetning til forskings- og undervisningsformål står det att 55.648 tonn i Nordsjøen. I Skagerrak er kvoten 6.892 tonn.

- Sjølv om eitt av måla med forvaltningsplanane er å gje fiskarane stabile rammer, var den kraftige nedgangen i kvoten naudsynt av omsyn til bestanden. Eg håpar på ei betring i rekrutteringa av nordsjøsild, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

Den norske kvoten er fordelt med 7.000 tonn til kystfartøygruppa, 4.378 tonn til trålarane og 51.162 tonn til ringnotgruppa. Av ringnotgruppa sin kvote skal 3.070 tonn tilfalle fartøy i SUK-gruppa.

Fisket for fartøy i lukka gruppe i kystgruppa vert regulert med maksimalkvotar, men med ein garantert kvote i botnen. Kvotane er differensierte, og varierer frå 5,5 tonn for dei minste og opp til 104 tonn for dei største fartøya. Fartøy i open gruppe kan fiske inntil 5 tonn innanfor ei avsetning på 200 tonn, medan fartøy som fiskar med garn kan fiske inntil 10 tonn innanfor den same avsetninga. Av kystfartøygruppas kvantum er det også avsett 500 tonn til låssettingsfiske innafor grunnlinjene i Skagerrak.

Bortsett frå 1.000 tonn avsett til bifangst er det frå 1. januar 2008 opna for at trålarane kan fiske sin gruppekvote i eit direkte fiske etter sild. Direktefisket vert regulert med fartøykvotar baserte på bruttotonnasjen til fartøyet den 31. desember 2001. Trålfisket må som tidlegare gå føre seg i Nordsjøen.

For ringnotflåten vert det eksisterande reguleringsopplegget vidareført, men med den endringa at høvet til å fiske 40% av Skagerrak-kvoten i Nordsjøen no er redusert til 30%.