Historisk arkiv

Regulering av fisket etter augepål i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter augepål i 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter augepål i 2012. I tråd med tilrådingar frå havforskarane vert det førebels ikkje opna for eit direkte fiske etter augepål i 2012.

Augepålbestanden hadde svært låg rekruttering i 2010 og 2011, og Det internasjonale råd for havforsking tilrår derfor at det ikkje vert opna for fiske. Det kjem eit oppdatert råd i første halvår 2012, og ei eventuell opning for eit augepålfiske vil bli vurdert så snart dette rådet ligg føre.

Kontakt, Sverre Johansen tlf 22 24 64 47