Historisk arkiv

Regulering av fisket etter blåkveite i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har den 8. desember fastsett regulering av blåkveitefisket for 2012. Kvoten for 2012 er auka med 20 prosent.

Fiskeri- og kystdepartementet har den 8. desember fastsett regulering av blåkveitefisket for 2012. Kvoten for 2012 er auka med 20 prosent.

Partane i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vart i haust samde om ein totalkvote for blåkveite på 18 000 tonn i 2012, der Noreg får ein kvote på 9165 tonn. Av det norske kvantumet vert 465 tonn sett av til forsking.

Ordninga med at kystflåten sitt direktefiske etter blåkveite vert gjennomført i to periodar om sommaren vert vidareført i 2012. Dette for å ta omsyn til varierande fisketilgang langs kysten. Første periode startar 28. mai og andre periode startar 30. juli. Maksimalkvotane vert auka med 25 prosent til 12,5, 15,0 og 17,5 tonn – avhengig av lengda på fartøyet. Fisket vil verte stoppa når ein reknar periodekvotane på høvesvis 3100 tonn og 1300 tonn for å vere oppfiska. Ein større del av kvantumet enn tidlegare vert altså lagt til første periode, som ei tilpassing til at det då er størst interesse for å delta i dette fiskeriet.

Konvensjonelle kystfartøy over 28 meter største lengd kan ikkje ha meir enn 17,5 tonn blåkveite som bifangst. Elles vert reglane om bifangst av blåkveite vidareført, med unntak av at all bifangst av blåkveite som vert fiska av kystfartøy under 28 meter utanom direktefisket – også det som måtte vere fiska etter at direktefisket er avslutta – skal gå til frådrag i det enkelte fartøyet sin maksimalkvote.

For havgåande konvensjonelle fartøy og trålarar vert kvotane auka frå 40 til 50 tonn i 2012. Desse kvotane skal også dekke eventuell bifangst.

Kontaktperson: avdelingsdirektør Sverre Johansen, tlf 22 24 64 47