Historisk arkiv

Regulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2012.

Fiskeri- og kystdepartementet har 7.desember fastsett regulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2012.

Gjeldande periodar med forbod mot å fiske etter breiflabb og kveite med garn blir vidareført frå årsskiftet, men det vil bli ei vurdering og ei skriftleg høyring i 2012 om fredingsperiodar i garnfisket etter breiflabb sør for 64˚N.

Kravet i utøvingsforskrifta om at breiflabbgarn skal røktast minst kvar tredje dag blir vidareført. Frå 1. januar 2012 blir det innført tilsvarande røktingskrav for fiske med kveitegarn, men det blir ikkje sett krav om rapportering ved setting og haling av kveitegarn.

Forbodet mot direktefiske etter breiflabb med konsumtrål og snurrevad blir vidareført i 2012. Den maksimale bifangsten av breiflabb som er tillaten i fiske etter andre artar med konsumtrål og snurrevad, blir endra frå 20 til 15 prosent. Dette gjeld også utanlandske fartøy. For fiske med reketrål og annan småmaska trål blir gjeldande bifangstreglar vidareført. 

Frå 1. januar 2012 vil det ikkje lenger vere høve til å ha innblanding av undermåls kveite i fangstane. Dette skal sikre ein god effekt av at minstemålet for atlantisk kveite i fjor vart auka til 80 cm.

Desse endringane vil bli tatt inn i forskrift om utøving av fisket.

Kontakt, seniorrådgivar Bernt Bertelsen 22 24 64 93