Historisk arkiv

EU-parlamentet har snudd i fiskemjølsaka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Etter EU-regelverket har det sidan 2001 vore forbode å bruke fiskemjøl i fôr til drøvtyggarar. På vitskapleg hald i EU er konklusjonen at det manglar vitskaplege bevis for at BSE og TSE kan overførast ved bruk av fiskeprodukt i fôr til dyr. Mellom anna på dette grunnlaget har EU-parlamentet vedteke å oppmode Rådet og Kommisjonen i EU om å medverke til at gjeldande fôringsforbod vert oppheva. Dette er positivt nytt for Noreg.

Heile teksten i EU-parlamentets vedtak finn du her:

http://www.europarl.europa.eu/sides/getDoc.do?Type=TA&Reference=P6-TA-2007-0327&language=EN