Historisk arkiv

Langsiktige leveringsavtalar - politiske vurderinger og målsettinger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens innlegg på representantskapsmøtet til Norges Sildesalgslag - Bodø 8. juni 2006

Statssekretær Vidar Ulriksens innlegg på representantskapsmøtet til Norges Sildesalgslag - Bodø 8. juni 2006

Langsiktige leveringsavtalar - politiske vurderinger og målsettinger

Statssekretær Vidar Ulriksen

Innlegg på representantskapsmøtet til Norges Sildesalgslag - Bodø 8. juni 2006

Dirigent, formann, møtedeltakarar og gjestar!

Først vil eg få takke for invitasjonen til Sildelagets representantskapsmøte. Det er alltid hyggeleg å få vere tilstades på slike møter.

Langsiktige avtaler er temaet for mi innleiing, og eg skal gå inn på dei politiske vurderingane og målsettingane knytt til dette.

Langsiktige avtaler har med ujamne mellomrom kome opp i debatten om korleis vi kan få størst mogleg verdiskaping ut av fiskeressursane våre, i alle fall dei siste 25 åra. Dette har også dels vore gjort til ein diskusjon om råfisklova, og om lova er eit hensiktsmessig reiskap for organiseringa av førstehandsomsetninga i framtida.

La meg difor slå fast med ein gong at denne regjeringa veit kor viktig råfisklova, deltakarlova og salslaga er for fiskeria, fiskarane og busettinga langs kysten. Råfisklova er saman med deltakarlova fiskeria sin grunnlov, og ein viktig del av grunnlaget for norsk fiskeripolitikk. Regjeringa vil oppretthalde desse lovene, slik det er nedfelt i Soria Moria erklæringa.

Når eg skal innleie til debatt om langsiktige avtaler vil eg først peike på eit grunnleggjande forhold: korkje salslaga sin einerett til å organisere omsetninga av fisk i Noreg, eller føresegnene i råfisklova er til hinder for at det vert inngått langsiktige avtalar mellom kjøpar og seljar. Råfisklova seier i det heile ikkje noko om kva slags omsetningsformar som kan veljast i førstehandsomsetninga.

Det er altså opp til salslaga sjølve korleis dei vil organisere omsetninga, og kva omsetningsformar dei finn mest tenlege.

I nokre salslag er direkte avtalar mellom kjøpar og fiskar dominerande – der fiskar har eit langvarig og gjensidig forhold til fiskebruket. Andre, som Sildelaget og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag, har lagt vekt på å utvikle auksjonar som viktigaste omsetningsform.

I tråd med dette, har det også variert i kva grad langsiktige avtalar har vore brukt i dei ulike salslaga. Forskjellane i kva former for omsetning som vert valde i dei ulike salslaga, syner mellom anna forskjellar i struktur både i flåteleddet og på landsida, forskjellar mellom fiskeria, og forskjellar mellom ulike distrikt.

Langsiktige avtaler som omsetningsform har vore diskutert i fiskerinæringen med jamne mellomrom sidan Moxnesutvalget gav si første delinnstilling ”Fiskeindustriens organisering og rammevilkår” i 1990. Av ulike årsaker er det i pelagisk sektor det har vore mest diskusjon og størst usemje kring langsiktige avtalar i åra etter 1990.

I Sildelaget har det for utanlandske fartøy vore tillatt å inngå langsiktige avtalar på makrell sidan 1995 så lenge desse vart sette i verk etter at hovudtyngda av det norske makrellfisket var over. For norske fartøy vart det iverksett eit prøveprosjekt med langsiktige avtalar på makrell i 1995. Prøveprosjektet vart evaluert av departementet i 1997. Ein av konklusjonane var at ordninga var positiv, men at det var trong for å bøte på svake punkt, og at eit nærliggjande tiltak var å krevje at avtalane måtte verte meir forpliktande for partane.

Fiskeridepartementet varsla i 1998 at det skulle startas eit prosjekt for å konkretisere kriteriar og rammevilkår for langsiktige avtalar. Prosjektet vart starta opp, men prosessen stogga av ulike årsaker opp etter ei stund.

I regjeringserklæringa frå Bondevik II-regjeringa frå 2001, vart det slått fast at det skulle leggjast til rette for bindande langsiktige leveringsavtaler innanfor ramma av råfisklova.

For å følgje opp dette, drøfta departementet og næringa i perioden 2003-2005 korleis det kunne leggjest betre til rette for slike avtalar. Eit opplegg vart skissert i Stortingsmelding nr. 19 om marin verdiskaping og under behandlinga av meldinga i Stortinget.

Som ein konsekvens av dette, vart det i fjor sommar inngått ein avtale mellom salslaga, Fiskarlaget, FHL og NSL om eit toårig prøveprosjekt om langsiktige avtalar. Formålet med prosjektet skulle vere å hauste erfaringar for å kunne vurdere korleis rammene for langsiktige avtaler kan utformast i ulike sektorar av fiskerinæringen.

Når det gjeld lengda på avtalane mellom fiskar og kjøpar, skal den minimum vere 2 månader og maksimalt eitt år. Avtalane må vidare inngåast 7 dagar før levering for norske fartøy og 1 dag før første levering for utanlandske fartøy. Prisen skal liggje fast i 2 månader frå avtalen vart inngått, men minsteprisen skal heile tida gjelde. Dersom minsteprisen endrar seg i avtaleperioden slik at den vert høgre over avtalt pris, skal minsteprisen gjelde. I tilfelle det vert nødvendig for salslaget å innføre reguleringar i eit fiskeri av omsetningshensyn, skal reguleringa overstyre langsiktige avtalar. Når det gjeld dirigeringar, skal salslaga freiste å praktisere det so smidig at langsiktige avtalar ikkje vert sett til side.

Partane er samde om at prøveprosjektet skal vere eit tillegg til dei eksisterande omsetningsformene salslaga tilbyr i dag.

Prøveprosjektet starta opp i fjor sommar, og det vart raskt lagt til rette for avtaler i tråd med dei avtala rammene både i pelagisk sektor og i kvitfisksektoren.

Kva er so regjeringa si haldning til langsiktige avtalar? Kva vurderingar gjer vi oss kring dette temaet og kva målsettingar har vi?

Regjeringa vil føre ein framtidsretta politikk for fiskerinæringa og for kysten som handlar om bærekraftig forvaltning, rettferdig fordeling, og om å skape meir ut av dei ressursane vi har tilgjengeleg. Vi ønskjer å føre ein aktiv fiskeripolitikk med eit samfunnsperspektiv. Vi skal legge til rette for lønsame arbeidsplassar både i flåteleddet og i landindustrien. Vi skal bidra til å oppfylle den politiske målsettinga om ein moderne, variert og lønnsam flåte. Samstundes skal vi sikre at naturressursane vert forvalta og fordelt på ein måte som sikrar levende kystsamfunn.

Som all annan politikk, må våre vurderingar og målsetjingar knytt til råfisklova og langsiktige avtaler sjåast i lys av dette.

Regjeringa meiner det er viktig at fiskeindustrien sikrast stabil tilgang til råstoff. Dette er ei av våre overordna målsettingar. Eit velfungerande marked for omsetning av fisk i første hand er ein av føresetnadene for å sikre at vi har ein konkurransedyktig fiskeindustri. Vi meiner råfisklova og salslaga er eit egna verkemiddel for å oppnå dette.

Samstundes er det nærast ein føresetnad for omsetningsmonopolet, at salslaga og industrien saman har fokus på kva avtaleformer som kvar for seg eller samla kan gje størst verdiskaping både for fiskarar og for landindustrien. De må vere villige til å prøve nye omsetningsformer innanfor ramma av råfisklova for å teste ut dette. Målsettinga må vere å testa ut om langsiktige avtalar er eit egna verkemiddel for auka verdiskaping både for fiskarar og landindustri.

Vi er difor tilhengarar av å prøve ut om langsiktige avtalar kan vere eit av mange verkemiddel for å nå denne målsettinga. Det same gjeld andre prøveprosjekt der nye omsetningsformer vert testa ut. Det er likevel ein viktig føresetnad for langsiktige avtalar at vi samstundes kan sikre at små fartøy som er meir stadbundne får levert fangstane sine.

Organiseringa av førstehandsomsetninga ligg til salslaga, og myndigheitene legg seg til vanleg ikkje opp i dette. Like fullt er det klart at departementet alltid vil ha ei oppfatning av spørsmål som er mykje diskutert i næringa. Når det gjeld langsiktige avtalar, kjem ei rekke sentrale spørsmål som minstepris, godkjenning av omsetning, regulering og dirigering på spissen. Samla sett gjeld diskusjonen på mange måtar korleis vi skal organisere omsetninga av råfisk.

Kva er eigentleg ein bindande langsiktig avtale? Då debatten rundt denne omsetningsforma først oppstod, var trongen for slike avtalar grunngjeven med at det måtte leggjast til rette for omsetningsformer som kunne bidra til høgare verdiskaping ved at aktørane først og fremst på industrisida betre kunne planlegge produksjon og marknadsføring. På industrisida vart det vidare framheva at ein trong langsiktige avtalar med fiskarane då industribedriftene ofte måtte inngå langsiktige kontraktar med sine kjøparar.

Stabilitet knytt både til leveransar, prisar og kvalitet var derfor sentrale argument for at langsiktige avtalar skulle tillatast.

Frå kjøparsida i pelagisk sektor endra bodskapen seg då drøftingane om eit prøveprosjekt tok til i 2003. Det har no vorte sett fokus på kampen om råstoffet, og trongen for stabilitet i pris har vorte tona ned. Difor har FHL ønskt eit opplegg der prisen må kunne endrast i avtaleperioden. Eg reknar med at Gunnar Domstein kjem til å gjere nærare greie for deira syn om litt. Frå Sildelaget si side har det vore framheva at dei langsiktige avtalane må vere bindande for både partar og at prisen må ligge fast i avtaleperioden.

Vår vurdering er at langsiktige leveringsavtalar må skilje seg frå dei eksisterande omsetningsformene. Dei må vere eit alternativ og fylle behov som andre omsetningsformar ikkje gjer. I motsetning til auksjon, må dei dekke ein trong for stabilitet og sikkerheit over ei viss periode.

Dersom det avgjerande for landindustrien i pelagisk sektor no er å skaffe seg råstoff, og at prisen i avtaleperioden skal kunne justerast for å vere lik marknadsprisen, kan ikkje eg sjå at dette er ein langsiktig avtale. Då kan jo kjøparen like godt nytte dei daglege auksjonane! Eg trur også det kan verte mykje krøll mellom partane viss prisen ikkje skal liggje fast i avtaleperioden.

Då vil ein fort hamne i situasjonar der avtalane vert brotne – og då gir ikkje avtalen stabilitet og sikkerheit. Dessutan, om ikkje prisen skal ligge fast, kvifor skal då fiskarane sjå seg tent med å inngå langsiktige avtalar? For det er jo det som er poenget – at både fiskarar og kjøparar skal ha fordelar som dei ikkje har ved auksjon. Om fordelane berre gjeld for ein part, vil avtalar ikkje verte inngått.

Det har også vore mykje diskutert kor lang ein avtale må vere for at han skal kunne kallast langsiktig. Hovudpoenget også her ligg i at han heilt klart må skilje seg frå dag til dag avtalar eller omsetning over auksjon – og det bør ligge ei plikt mellom partane til å samarbeide over noko tid og ved fleire leveransar. I fiskeri der turane er korte, vil det vere underlig om ein langsiktig avtale berre omfattar ei levering.

Likeeins meiner eg det må liggja ein eksklusivitet i avtalen. I avtaleperioden er partane bunde til kvarandre og må levere og ta i mot fiskeslaget avtalen gjeld, sjølv om det kunne vore meir lønsamt å levere eller kjøpe frå andre.

Det er grunn til å vokte seg vel, slik at vi ikkje kjem i ein situasjon der ulike prøveprosjekt undergrev eller destabiliserar dei eksisterande og velfungerande omsetningssystema som det har tatt tid å utvikle. Det er korkje landindustrien eller fiskarane tente med.

Slik sett tykkjer eg dei rammene som er lagt for prøveprosjektet no, er fornuftige.

Det er viktig å hugse at ein langsiktig avtale berre vil verte inngått når begge partar ser ein fordel for seg sjølve i avtalen og ser seg tente med å inngå den. Sikkerheit både for å få råstoff over ei viss periode og kva betaling ein skal få, er slike fordeler som kan gjere at både fiskarar og kjøparar vil inngå langsiktige avtalar.

Eg er glad for at det i pelagisk sektor er inngått langsiktige avtalar innanfor ramma av prøveprosjektet. Det vil kunne gje eit grunnlag for å seie noko om kor vellukka det har vore.

Vi vil evaluere prøveprosjektet til neste år. Dersom evalueringa syner at langsiktige avtaler er eit positivt tillegg til andre omsetningsformer, vil vi oppmode salslaga til å føre vidare denne omsetningsmodellen, enten slik han no er utforma, eller med korrigeringar.

Til slutt vil eg peike på at diskusjonen om langsiktige avtaler mange gonger har handla om heilt andre forhold. Dersom vi skal diskutere korleis vi skal trekkje til oss fleire utanlandske landingar kan vi gjerne gjere det – anten verkemiddelet er langsiktige avtalar, direkte avtalar eller auksjonar. Men det vert på sett og vis ein heilt annan diskusjon! Her skal vi halde oss til dei langsiktige avtalane og diskutere korleis desse kan sikre auka verdiskaping på sjø og land.

Eg gler meg til å høyre FHLs og Sildesalslaget sine innlegg, med konkretisering av målsetjingar og ønskjer både frå fiskar og kjøparsida. Eg veit de har forskjellige syn på denne saka. Det er ikkje nødvendigvis negativt. Det er som oftast meiningsbryting mellom ulike syn som har ført utviklinga framover.

Lykke til med debatten og takk for merksemda!