Historisk arkiv

Marin framtid i nord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens innlegg på årsmøtet i Nordnorsk Havbrukslag.

Statssekretær Vidar Ulriksens innlegg på årsmøtet i Nordnorsk Havbrukslag.

Marin fremtid i nord

Nordnorsk Havbrukslag, Alta 10. februar 2006

Vidar Ulriksen – statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet

Kjære forsamling!

Takk for invitasjonen, eg vil helse frå statsråd Helga Pedersen og politisk rådgivar Kari Anne Larsen

1. Innleiing

Regjeringa har store ambisjonar for landet vårt på mange områder. Ei målsetting er at Noreg skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiar i verda innan dei område der vi har fortrinn. Eit av dei fem satsingsområda regjeringa har peika ut på grunn av den kompetanse og dei fortrinn vi har, er nettopp marin sektor.

Denne ambisjonen er, gledeleg nok, som skapt for næringslivet her i Troms og Finnmark.

Historia om havbruksnæringa i Noreg er som eit eventyr, ei forteljing om å lukkast ved å satse der ein har naturgjevne fortrinn. Sjølv med ei suksessrik historie, vil eg seie at havbruksnæringa er framtidas næring. I tillegg til ei stabilt veksande laksenæring, har vi mange nye artar som no kjem for fullt i dei næraste åra. Havbruksnæringa utgjer ein stadig større del av sjømateksporten, og vil gå forbi tradisjonell villfanga fisk om få år. Av ein total eksportverdi på 31,7 mrd. i 2005 stod havbruksnæringen for 47 %. Trass i store marknads utfordringar gjennom mange år, har næringa vakse. Eg er imponert over denne utviklinga.

Når dette er sagt har næringa nok av langsiktige utfordringar. Regjeringas målsetjing vidare er å legge til rette for konkurransedyktige rammevilkår slik at verdiskaping og arbeidsplassar langs kysten blir sikra. Dette er likevel vanskelege problemstillingar.

På den eine sida må næringa sikrast konkurranseevne fordi næringa er så utsett for internasjonal konkurranse . På den andre sida skal næringa vere ein leveveg for folk langs kysten og tene distrikta sine interesser. Ved å sørgje for konkurransedyktige vilkår for næringa, kan vi bidra til å oppnå målsetninga om å auke verdiskapinga langs kysten. Næringa si globale konkurransekraft er avgjerande for om veksten kjem i Noreg eller i andre land. Auka globalisering dei siste åra har ført til at varer, enkelte tenester, kapital og kunnskap flyt lettare over landegrensene.

2. Nasjonale rammevilkår

Dei nasjonale rammevilkåra er myndigheitene sin viktigaste verktøykasse.

Dei dannar grunnlaget for all næringsverksemd. Rammevilkåra skal ikkje vere statiske, det gagnar ikkje norsk havbruksnæring.

Dersom konkurransesituasjonen til næringa blir endra må vi som myndigheiter bidra med å utvikle regelverket i takt med disse endringane.

Regjeringa har vedtatt å gå igjennom konkurransesituasjonen til norsk havbruksnæring og vurdere endringar i lys av forslag som er reist i Soria-Moria erklæringa.

Forslag som skal vurderast i denne prosessen er m.a.:

  • Opne for større risikoavlastning ved utvikling og introduksjon av nye arter gjennom Innovasjon Noreg.
  • Sjå på moglegheita for å opprette eit eige statleg investeringsfond for marin sektor som skal kunne gå inn med eigarinteresser innan oppdrett og foredling av marine produkt.
  • Auke marin forskingsinnsats og styrke marint innovasjonsprogram.
  • Ev. nye laksekonsesjonar bør ha som mål å styrke små og mellomstore aktørar.
  • Flytte fordelinga av nye laksekonsesjonar til regionalt folkevalt nivå, samt vurdere om konsesjonsavgifta skal komme kommunar som stiller areal til disposisjon for nye konsesjonar til gode.

Andre forhold som skal vurderast er:

  • Vi ønskjer ein samla gjennomgang av arealproblematikken, mellom anna optimal disponering og arealavgift.
  • Ulike modellar for produksjonsregulering.
  • Erstatningsordning ved pålegg om nedslakting av fisk.
  • Sjå på ulike tiltak for å sikre opprydding etter konkursar.

Gjennomgangen vil skje i regi av Fiskeri- og kystdepartementet, i samråd med næringa, det regionale folkevalte nivå, forskings- og andre faglege miljø, og andre interesserte.

2.2. Nasjonale laksefjordar

Stortinget vedtok 25. februar 2003 å opprette 37 nasjonale laksevassdrag (NLV) og 21 nasjonale laksefjordar (NLF). Av dei nasjonale laksefjordane blei nokre gjort til reine forbodssoner, mens nokre fekk fastsett spesielle retningslinjer for oppdrettsverksemd, mellom anna forbod mot etablering av nye matfiskanlegg for laksefisk. (For etablerte matfiskanlegg blir det stilt ekstra krav til mellom anna rømmingssikring og sjukdomskontroll.)

Sommaren 2004 blei det sendt ut høyring om 27 nye vassdrag med tilhøyrande fjordsystem. (DN tilrådde oppretting av 16 nye NLV og 10 nye NLF) Regjeringa vil om kort tid ta stilling til kor tid saka skal fremjast for Stortinget. Det er gitt signal om at det vil skje i løpet av året. Fiskeri- og kystdepartementet har i denne prosessen arbeida for at dei nye vassdraga med fjordar skal gje minst moglege negative konsekvensar for havbruksnæringa.

2.3. Eigarskapsavgrensing

Regjeringa har allereie gjennomført tiltak knytt til eigarskap som vil gje oss betre kontroll med utviklinga i eigarstrukturen innan lakse- og aureoppdrett. Dei nye endringane inneber at det øvre taket på eigarskap er senka frå 35 % til 25 % av samla konsesjonsbiomasse. I alle tilfelle der ein ønskjer å oppnå eigarskap utover 15 % må det søkast om løyve hos Fiskeri- og kystdepartementet. Dette grepet har gitt myndigheitene betre kontroll med endringar som medfører store eigarkonsentrasjonar som kan virke konkurransehemmande, eller kan medføre etableringshindringar for små og mellomstore selskap. Samstundes tek vi omsyn til næringas behov for omstilling og konkurransekraft. I dag har det største selskapet ca. 13 % av konsesjonsbiomassen. Endringane vil difor ikkje ha nokon praktisk betyding for enkeltselskap slik situasjonen er i dag.

2.4. Nødvendige rammevilkår

All havbruksverksemd skal drivast i samspel med naturen og samfunnet omkring oss. Men dei seinare tids rømmingar bekymrar, og det viser at vi enno har eit stykke fram. Samtidig med innføring av NYTEK, må vi vurdere ytterligare tiltak for å få bukt med rømming som eit miljøproblem. Det har vore foreslått å nedsette ein Havarikommisjon som skal utrede årsaka til rømmingane. Dette er eit interessant forslag som skal vurderast nærmare.

Formålet må være å finne tiltak som løyser problemet.

3. Situasjonen for havbruk i Nord-Noreg

3.1. Torskeoppdrett i Nord-Noreg – gode muligheiter?

Torskeoppdrettsnæringa har lyse utsikter. Torsk kan bli vårt nye lakseeventyr. Marknaden har tatt godt imot nykomaren, både innanlands og utanlands. Prisane er hyggelege, og produksjonen av matfisk er venta å bli 12-15.000 tonn i løpet av eit par år. Torskeoppdrett vil i framtida mest truleg være ei næring langs hele kysten. Strukturen i næringa har til nå vore prega av dei store selskapa sine satsingar med tyngdepunkt på Vest og Sør-Vestlandet. Det er imidlertid forhold som tyder på at Nord-Noreg har særlig gode føresetnader for torskeoppdrett. Lavare sjøtemperatur gjer at oppdrettstorsken trivst betre her i nord enn lenger sør. I tillegg er her meir tilgjengelig kystareal for torskeoppdrett.

Torskenæringa er framleis ei ung næring, og det er få som så langt klarer å drive med overskot. Men det er fleire forhold som gjer at det er grunn til å sjå lysare på framtida enn kva ein gjorde for få år sida.

I 2005 tredobla vi produksjonen i forhold til i 2004. I 2005 har vi eksportert nærare 2000 tonn oppdrettstorsk, til ein gjennomsnittleg pris på ca. 35 kr. kg. Prisen ligg om lag 10 kr. over pris pr. kg. for villfanga torsk. Dette viser betalingsvilje i marknaden for stabile leveransar av fersk torsk heile året.

Men det er framleis fleire uløyste utfordringar for næringa. Vi ser at når volumet veks så aukar sjukdomsutbrota og dermed antibiotikabruken. Vi må hindre torsken frå å rømme, berre for å nemne eit av områda vi må fokusere på framover for å få til god lønnsemd i næringa på sikt.

3.2. Avlsstasjon torsk

Under Stoltenbergs førre regjering vart det bestemt at tyngdepunktet for forsking og utvikling av torskeoppdrett i Noreg skulle ligge i Tromsø. Dette er fullt opp og i fjor opna avlsstasjon for torsk i Tromsø.

Det at vi nå har fått på plass et avlsprogram for torsk er særs viktig. Erfaringane frå laksenæringen viser at vi gjennom systematisk avlsarbeid kan redusere sjukdommar, deformitetar, auke vekstevna mm. hos fisken. Dette vil i neste omgang redusere kostnadene hos oppdretterne og dermed bidra til økt lønnsemd i næringa.

Det er Fiskeriforskning som har ansvaret for avlsprogrammet. Det er i tillegg de seinare årene satsa betydelig på infrastrukturutbygging i Tromsø. Til saman har nå Tromsø ein infrastruktur i verdsklasse. Eit tungt kompetansemiljø i nærområdet er med å styrke næringa si konkurransekraft i regionen.

3.3. Fangstbasert akvakultur – samspel med fiskerinæringa

Oppdrettsfamilien er utvida. Vi snakkar no om tre typar norsk fersk torsk:

  • Villfanga torsk
  • Oppdrettstorsk
  • Villfanga torsk som blir oppfora i oppdretta

Gjennom fangstbasert havbruk opnast det for muligheiter til å auke fortenesta hos den tradisjonelle torskenæringa. Fiskeriforsking, i samarbeid med Havforskingsinstituttet, arbeider med eit prosjekt der dei ser på muligheitene kystflåten har for å fange heile eller deler av sin torskekvote levande. Prosjektet skal ferdigstillast innan utgangen av 2006. Formålet er forbetring av kvaliteten på råstoffet og stabilisering av tilgang på høgkvalitets råstoff ved lagring av levande torsk. Forsøk som er gjennomført på Stø i Øksnes kommune, Vesterålen viser at om lag 70 % av den linefanga torsken kan bli ført levende til land og lagrast i merdar.

Gjennom fangsbasert havbruk vil den tradisjonelle fiskerinæringa møte havbruksnæringa. Dette gir spennande muligheiter for begge parter. Eit godt samspel mellom fiskeri- og havbruksnæringa er viktig for lønnsemd i næringa. I Soria Moria-erklæringa er difor ei nasjonal satsing på fangstbasert havbruk og oppdrett av nye artar framheva som satsingsområde for den nye Regjeringa.

3.4. Kva skjer med laksekonsesjonane i Finnmark?

Det er øyremerka ti laksekonsesjonar til Finnmark. Konsesjonane representerar eit næringspotensial som kan gi grobotn for auka sysselsetting og verdiskaping i regionen, og det er viktig for regjeringa at dette potensialet kan takast i bruk.

Disse ti konsesjonane har vært utlyst tre gonger før, sist hausten 2005, utan at nokon ville kjøpe dei. Ingen av konsesjonane er tildelt. Vi må derfor tenke nytt, men innanfor rammene av regjeringserklæringa. Her står det at nye laksekonsesjonar bør ha som mål å styrke små og mellomstore aktørar og at regjeringa vil vurdere om regionalt folkevalt nivå skal trekkast meir aktivt med i tildelingsprosessen. Ei anna problemstilling som bør vurderast er om det skal settast krav om kommunebinding i ein periode.

Her oppfordrar eg forsamlinga om å komme med innspel og idear til kva regjeringa bør gjøre.

4. Matvaretryggleik i eit internasjonalt perspektiv

Som produsentar av laks er vi sårbare for alle hendingar som kan øydelegge laksen sitt rykte i kunden si bevisstheit. Det er ikkje nok at maten er trygg og av god kvalitet, men den må òg opplevast slik av kunden. Alt som svekker tillit til maten får raskt konsekvensar for kundens val av matvarer, det har vi sett mange gonger dei siste 10 åra ved forskjellige matskandaler rundt om i verda.

Mattryggleik er eit sentralt tema i fiskeri- og kystdepartementet.

Vi veit at norsk oppdrettslaks er trygg og sunn mat.

Dette stadfestar Mattilsynet på eit solid fagleg grunnlag. Det blir arbeida målbevisst for å hente fram relevant, nøytral og uavhengig kunnskap om positive og negative effektar ved sjømat og vi har som mål å gjere denne kunnskapen tilgjengelig for forbrukaren på ein effektiv og lettfatteleg måte. Kritiske spørsmål til mattryggleik skal bli behandla alvorlig og saklig. Samstundes må vi kunne forlange at våre opponentar følgjar dei same krav til å vere heiderlege når dei legg fram sine påstandar, noko som dessverre ikkje alltid er tilfellet.

5.1. Det russiske importforbodet

Dei siste månedane har vi blitt konfrontert med fleire saker som kan ha betyding for laksen sitt rykte i marknaden. Russiske myndigheiter innførte 1. januar i år forbod mot import av all fersk fisk frå Noreg, altså ikkje berre laks. Dei rapporterte å ha påvist uakseptable nivå av kadmium og bly i norsk oppdrettslaks. Dette forbodet har skapt ein alvorlig situasjon for laksenæringa.

Dei resultata russiske myndigheiter har presentert for oss, er ikkje i samsvar med målingar utført på norsk side. Andre importland, som Singapore og Japan, har heller ikkje rapportert slike funn frå sin importkontroll.

Regjeringa arbeider aktivt overfor russiske myndigheiter og arbeidet for å finne løysning på problemet har høgste prioritet. Det er særs viktig at vi nærmar oss denne saken på ein måte som gjer at situasjonen løyser seg og ikkje låser seg.

I første omgang arbeidar vi på fagleg nivå gjennom Mattilsynet for å gjenopprette tilliten frå russiske fagmyndigheiter til at norsk oppdrettsfisk tilfredsstiller alle krav til mattryggleik og kvalitet.

Vi vurderer fortløpande korleis saka best kan handterast og følgjar opp med politiske kontaktar når dette er hensiktsmessig. Vi følgjer òg nøye med i utviklinga mellom EU og Russland med omsyn til problem i eksporten av ulike produkt. Fiskeri- og kystministeren vil ta opp importforbodet med sin russiske kollega når dei møtast i Moskva den 13. februar. Eit anna høve til å drøfte saka vil være under utanriksministeren sitt besøk til Moskva den 17. februar.

Ei ekstra utfordring i den pågåande saka med Russland er at landet førebels ikkje er medlem av verdas handelsorganisasjon og dermed ikkje bunden av reglane for internasjonal handel som gjeld i WTO.

Eg trur og håper at den store innsatsen frå norske myndigheiter, skal bidra til at denne saka finn si løysning og at importforbodet blir oppheva så raskt som mogleg, uten at eg kan sei når dette kan skje.

Er det noko vi kan være heilt sikre på, så er det at saker om mattryggleik vil komme opp igjen, og igjen.

Temaet har stadig større merksemd hos forbrukarane.

Både myndigheiter og næringa må være førebudd på å handtere desse sakene. Politisk nivå, relevante fagmyndigheiter, forskingsmiljø og ikkje minst næringa sjølv, har ulike roller for å bevare ryktet til norsk laks på best mogleg måte.

Det er fleire hundre eksportørar av norsk laks, men ute i marknaden blir norsk laks oppfatta som eit produkt. Dette set næringa overfor store utfordringar i høve til kommunikasjon og koordinering. Korleis skal for eksempel næringa behandle enkeltaktørar som kan setje ein heil industri i vanry og skape store problem?

6. Internasjonale rammevilkår

Konkurransen på internasjonale marknader om forbrukarane er stor. Til tross for denne konkurransen, viser det seg at norsk laks opplever aukande etterspørsel. Gode rammevilkår for oppdrett heime er ikkje nok. Vi må òg ha like gode, helst betre marknadstilgang enn våre fremste konkurrentar. Dette arbeidet skjer på mange plan.

WTO er det viktigaste handelspolitiske redskapen for å sikre fiskeri- og havbruksnæringa betre global marknadstilgang og meir stabile ramme­vilkår. Fiskeri- og kystdepartementet er aktive deltakarar i forhandlingane om tollreduksjonar på industrivarer, mellom anna fisk og marine produkt.

Vi deltek og i forhandlingsgruppa for WTO-regelverket der det mellom anna blir arbeidd for å disiplinere og stramme inn bruken av anti-dumpingtiltak. I lys av dei barrierer norsk laks og ørret møter i sine største marknader, blir dette arbeidet enda viktigare.

WTO-forhandlingane tek tid.

EFTAs frihandelsavtaler er difor eit viktig supplement til WTO-prosessen.

Så langt har disse frihandelsavtalane skaffa Norge tollpreferansar til 16 land. Den 1. juli år vil fersk norsk laks få fri marknadstilgang til verdas 10. største sjømatimportør, Sør-Korea.

Arbeidet med nye avtalar er prioritert av regjeringa. For tida blir det forhandla med Thailand. Framover vil vi, saman med EFTA-landa, prioritere å få i stand frihandelsforhandlingar med India, Kina, Japan, (og Russland når dei blir WTO medlem.)

India er ein potensiell marknad for norsk laks og vi har arbeidd ei tid med sikte på å få senka laksetollen til India og dermed få opna denne interessante marknaden. India har ein av dei raskast veksande økonomiar i verda i dag, men tradisjonelt er tollmurane høge, til dømes er tollsatsen for laks 30 prosent. Med lavare tollsatsar vil India kunne utvikle seg til ein av dei mest interessante marknader for norsk havbruksnæring i framtida.

Laksesakene med USA og spesiellt med EU, har fått mykje merksemd dei siste vekene. Vi fekk nyleg vite utfallet av den såkalla ”sunset-review ”-saka om eksport av norsk laks til USA. Her vil vi framleis, men ikkje uventa, bli møtt med anti-dumpingtiltak i 5 nye år. Dette fortel oss at det amerikanske regelverket for ”sunset-review” ikkje er ein verkeleg gjennomgang av fakta, men ein mekanisk prosess der den heimlige industrien får medhald så lenge dei ber om det. Det fins ei rekke liknande eksempel i USA.

Etter 1998 har dei behandla 335 ”Sunset Reviews”. Av disse blei 80 ikkje vidareført fordi det ikkje var noko amerikansk firma som ba om det. Alle andre blei vidareført.

6.1. EU Laks

Anti-dumping tiltaka frå EU er likevel den handelspolitiske saka som opptek oss mest for tida. Den norske næringa har vore dyktige til å effektivisere dei seinare åra og er blitt svært konkurransedyktige. EUs svar på denne konkurransekrafta er å iverksette handelshindrande tiltak.

Det vil ikkje denne regjeringa akseptere. Når EU år etter år driv ein handelspolitisk forfølging av den norske laksenæringen, må norske myndigheiter stå rakrygga og krevje at WTO sine spelereglar for internasjonal handel blir overholdt. Statsminister Stoltenberg gav Europakommisjonens president Barroso klar beskjed om at regjeringa vil ta EUs anti-dumpingtiltak til WTO dersom ikkje EU kjem opp med ei akseptabel løysning for Noreg. På bakgrunn av disse samtalene har EU og Norge sett ein frist til den 15. februar til å finne ei akseptabel løysing.

Sidan møtet mellom Barroso og Stoltenberg, har også utanriksminister Gahr Støre hatt samtaler med handelskommisær Peter Mandelson. Utanriksministeren har gjort det klart overfor Mandelson at den norske laksenæringa ikkje har dreve med skadeleg dumping i EU-markedet.

Vi vil stille særs høge krav til EU om bindande, konkrete og tidfesta lovnader dersom saka ikkje skal bli tatt inn for WTO.

Det er likevel ikkje grunn til at vi no på overtid skal skape store forventingar til at saka blir løyst. Dette har òg utanriksminister Gahr Støre presistert.

Tvisteløysing i WTO er ein ressurs- og tidkrevande prosess. Normalt tek ei panelsak, inkludert ein anke, omtrent 1 ½ år, men det kan òg ta lengre tid. Næringsorganisasjonane si anmodning om å ta laksesaka med EU til WTO forpliktar og set store krav til næringa. Det er ingen som kan love høge lakseprisar og gode tider gjennom ein lang WTO prosess. Heile næringa må difor evne å stå løpet ut og stille seg lojalt bak myndigheitene si linje til vi er i mål.

Vi vil frå styresmaktene si side sørge for ein nær og tett dialog med næringa gjennom ein WTO-prosess.

7. Til slutt

Dette var ein liten smakebit på utvalde områder av regjeringas havbrukspolitikk. Vi er avhengig av gode innspel og ein god dialog med oppdrettsnæringa i vårt vidare arbeid.

Eg ser fram til ein konstruktiv debatt.

Takk for merksemda.