Historisk arkiv

Orientering om departementets politikk for utnytting av nye artar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Innleiing av statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og Kystdepartementet på seminar om utradisjonell sjømat: Korleis utnytte maneter og sjøpølser kommersielt? Trondheim 8.10.2007.

 

Statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og Kystdepartementet


Innleiing på seminar om utradisjonell sjømat: Korleis utnytte maneter og sjøpølser kommersielt? Trondheim 8.10.2007.

Først av alt vil eg gjerne takke arrangørane av dette arbeidsmøtet for invitasjonen. Eg er glad for dette høvet til å lære meir om utradisjonell sjømat. Det er og fint å få presentere dei tankane politisk leiing i Fiskeri- og kystdepartementet har rundt dette temaet.

I vår var eg i Sør-Korea saman med kronprinsparet. Der fekk vi servert mykje god sjømat, og ikkje berre av den typen vi er vane med å ete i Norge. Her var det rå brennmanet på menyen til lunsj under dei politiske samtalane. Vi fikk og servert tang og tare – ein rett som er høgt skatta i Sør-Korea. Veit de forresten at dei i Sør-Korea har like stort oppdrett av tang og tare som Norge har av laks?

Det er ingen tvil om at vi har eit stort, uutnytta potensial langs den lange norskekysten. Det eg lærde i Sør-Korea var at i Austen omset dei praktisk talt alt som kan haustast frå havet. Ei rekkje virvellause dyr som ikkje har nokon plass i norsk matkultur ser dei på som delikatesser.

Samstundes veit vi at det i dei norske fiskeria vert kasta ut store mengder bifangst. Dette utkastet er eit problem, både sett frå ein etisk, ressursmessig og økonomisk ståstad. Det er viktig å arbeide kreativt for at ein maksimal del av fangstane vert utnytta.

Sjøpølser er vanleg bifangst under tråling etter kreps og reker. Tradisjonelt har sjøpølsene vore lite utnytta i Norge. Men sjøpølser er faktisk mellom verdas best betalte sjømatprodukt! I Kina og Sør-Korea vert sjøpølsene rekna som svært helsebringande mat.

Politisk leiing i Fiskeri- og kystdepartementet er opptekne av problematikken knytt til utnytting av nye artar. Eg vil i denne innleiinga kome inn på kva vi gjer for å sikre at det er best mulege vilkår for å ta i bruk desse nye artane. Oppsummert gjeld dette arbeid med å informere om at sjømat er bra for helsa, sørgje for god forvaltning, støtte forsking og utvikling og å drive eit godt arbeid for tilgang til marknader og anna internasjonalisering.

Sjømat er bra for helsa

Det er ingen tvil om at fisk er bra for helsa. Sjømat er generelt ei svært god kjelde til protein, vitamin, sporelement og fleirumetta feitt (omega-3 feittsyrer). I tillegg er det fleire ting som tyder på at sjømat også inneheld ei rekkje andre helsefremjande komponentar. Norsk institutt for ernærings- og sjømatforsking - NIFES - har blant anna gjort forsøk som viser at fiskeprotein reduserer insulinresistens og overvekt, og andre studiar viser at inntak av laks har ein positiv effekt for hjartepasientar.  Sjømat representerer derfor eit naturlig alternativ til ei rekkje helsekost-produkt og pillar.
I tillegg til å få fram dokumentasjon om helseeffektar av å ete sjømat, er det myndigheitene sitt ansvar gjennom lover og forskrifter å sikre forbrukarane trygg mat. Her har Mattilsynet ei sentral rolle både i utforminga av regelverk, og i å handheve regelverket. Det er likevel viktig å hugse at sjølv om myndigheitene har eit overordna ansvar for å sikre trygg mat, er den enkelte næringsutøvaren i alle høve ansvarleg for dei produkta han sel.

Vi ønskjer at maten i tillegg til å vere trygg, også skal vere sunn. Regjeringa har derfor utarbeidd ein handlingsplan for betre kosthald i befolkninga. Handlingsplanen, som har fått namnet ”Oppskrift for eit sunnare kosthald”, har som hovudmål å endre kosthaldet i tråd med tilrådingane frå helsemyndigheitene.
Ei av tilrådingane frå helsemyndigheitene er å auke forbruket av fisk og annan sjømat. Handlingsplanen set som mål at 20 prosent fleire skal ete fisk til middag minst ein gong i veka, og ein tilsvarande auke for dei som et fiskepålegg minst to gonger i veka.

Fiskeri- og kystdepartementet har saman med Eksportutvalet for fisk og Helse- og omsorgsdepartementet, i år løyvd pengar til aktivitetar som skal medverke til auka konsum av fisk og sjømat.

God forvaltning

Utgangspunktet for havressursforvaltninga er at dei levande marine ressursane vert forvalta på ein ansvarleg og god måte. Forvaltningas formål er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane. Vi har ei prinsipiell haldning om at menneska skal hauste av det overskotet dei levande marine ressursane gjev, slik dei alltid har gjort. Havet er ei av våre viktigaste kjelder til mat og matproduksjon.

Det fins grupper av ulike artar som det er meir eller mindre sannsynleg vil kunne nyttast – eller nyttast meir -  kommersielt. Dette dreiar seg til dømes om kongesnigel, raudåte, sjøpølser, og andre artar som vi trur ikkje vert nytta fullt ut i dag.

Det kan vere fleire økologiske fordelar med ei slik hausting. På den andre sida er kunnskapen framleis mangelfull om grunnleggjande spørsmål som bestandsstorleik, produksjon og kva økologiske konsekvensar uttak vil få for artar høgre oppe i næringskjeda, og dermed kva konsekvensar slike uttak får for anna kommersiell verksemd.

I dag er det plikt til å rapportere fangstar også av dei fleste slike artar ved landing. Salslaga registrer kva for artar som vert landa og kor mykje det dreiar seg om. Slik informasjon får og havforskarane tilgang til. Dei ser mellom anna på om det skjer store endringar i det som vert landa. Kjem det plutseleg mykje meir eller mindre, kan det hende at det er grunn for å sjå nærare på årsaka til det.

Vi skal hauste av det overskotet havet gjev på ein slik måte at dei komande generasjonar også kan hauste av havets overskot. Ressursane må forvaltast med tanke framtida. Difor bør ikkje kommersiell hausting av slike ressursar setjast i verk utan særskild oppfølging. Vi må og ha auge for kva for rolle desse artane har i dei ulike økosystema dei er del av. Dette inneber ikkje at det ikkje skal vere lov å hauste av nye artar, men dei som gjer det må truleg i framtida også rekne med særlege krav når dei haustar, for å sikre at ikkje ein ny ressurs går tapt for framtida.

Forsking og utvikling

Havområda rundt landet vårt har til alle tider vore verdfulle haustingsområde, og har gitt grunnlag for sjømatprodukt som er ettertrakta over heile verda. Sjømateksporten har vore ein av dei viktigaste berebjelkane i norsk økonomi. Gjennom havbruket har vi auka utnyttinga av sjøområda og fremma veksten i eksporten både i volum og verdi, og sjømatindustrien er framleis ein av landets viktigaste industriar. 

Vi kan ikkje vente at volumet vil auke i same takt framover. I dei tradisjonelle fiskeriet har volumet ikkje auka i seinare år, det har heller gått andre vegen.

Her er det nødvendig å tenkje nytt.

Mulegheitene ligg i å auke verdiskapinga frå dei råstoffa og det volumet vi har, vidareutvikle tradisjonelle produkt og å skape nye produkt. Dei må vere baserte på betre utnytting av alle delar av dei marine råstoffa. Og sist men ikkje minst – mulegheitene ligg i det som er tema i dag: Å utnytte nye artar.

Samanlikna med mange andre kystnasjonar er vi i Norge lite flinke til å utnytte mangfaldet i havet.

Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond har sett søkjelyset  på dette gjennom finansieringa av LUR-programmet, som vi skal få høyre meir om her i dag. LUR –programmet - lite utnytta ressursar - er eit tiltak som har eksistert lenge, men som det er sett ekstra trykk på gjennom finansieringa frå Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond.

LUR-programmet prioriterer i dag mellom anna kongesnigel og sjøpølse. Vi treng meir kunnskap om desse artane og korleis vi kan utnytte dei kommersielt. Det vert spennande å høyre meir om kva slags mulegheiter som ligg i utnytting av desse artane.

For denne regjeringa er det og eit viktig perspektiv at utnytting av hittil lite nytta artar gjev kystflåten eit breiare driftsgrunnlag. Kan hende kan det også gje auka lønsemd for industrien knytt til denne flåten. Kongesnigel er ein lite utnytta ressurs i Norge, medan det har vore fiska etter arten i femti år langs kysten lenger sør i Europa. No er interessa i Norge på veg oppover. Dette kan gje nye mulegheiter for dei  mindre fiskebåtane. Sniglane trivst nemleg best nær kysten.

Tidlegare satsingar på dette området har gitt resultat. Det finst det fleire døme på. Det vi såg på som nye og eksotiske artar for nokre år sidan, har vi i dag eit kommersielt fiske på. Taskekrabbe er eit døme på det. Lønsemda i taskekrabbefisket var for nokre år sidan ikkje god nok. I dag er dette eit viktig fiskeri for kystfiskarane her i Trøndelagsregionen.

Stavsild er eit anna eksempel på ein art som ikkje vart nytta til konsum. Takka vere satsing på forsking vert stavsilda i dag brukt i ferdigmatindustrien.

Departementet vil også fremme forsking på og utvikling av  biprodukt frå marint råstoff. Dette gjer vi mellom anna gjennom løyvingar til RUBIN. Produkt som utviklast frå marint råstoff  har fått auka aktualitet og ein auka  marknadspris –ofte høgare enn fiskefileten. I dag gir ikkje råstoffa frå havet berre god mat, men også produkt og ingrediensar til helsekost, dyrefôr, medisinar, kosmetikk og høgverdige produkt til teknisk bruk. Desse nye produkta vert utvikla av nye verksemder som utgjer ein veksande industri både her i landet og i andre delar av verda.

Det same gjeld utnytting av ulike typar bifangst som det i dag ikkje finst infrastruktur for å utnytte optimalt. Det er viktig å kunne utvikle betre utstyr og teknologi slik at vi kan ta betre vare på dei ressursane vi tek opp av havet.

Marin bioprospektering – altså kartlegging og leiting etter spesielle eigenskapar ved marine organismar - er eit område regjeringa satsar på i budsjettet for 2008.
Det viser seg at marine organismar har andre strategiar for ernæring og overleving enn slektningane deira på land. Blant anna har dei lågareståande dyra (invertebratane) ikkje eit immunapparat slik som fisk og pattedyr. Derimot produserer dei antimikrobielle stoff som drep eller passiviserer mikroorganismane dei lever side om side med.
Fleire slike stoff er allereie oppdaga og kartlagde, og fleire er på veg. Dette er interessant i dagens situasjon der det ofte dukkar opp bakteriar og virus som har utvikla resistens eller auka motstandskraft mot antibiotika og andre lækjemiddel. Forskinga på dette området kan difor kome til å få mykje å seie for behandling av sjukdomar i framtida.

Marknad - internasjonalisering


Ein viktig jobb vi som myndigheiter må gjere, er å sikre at norske sjømatprodukt har gode vilkår ute i eksportmarknadene våre. Dette prioriterer myndigheitene høgt. I fjor haust hadde vi klar ein EFTA-avtale med Sør-Korea. Den har alt ført med seg ein auke i eksporten av fisk til landet. Gode handelsvilkår saman med godt marknadsarbeid har hatt ein positiv effekt på sal av norsk sjømat i Sør-Korea.

Norge er no i gang med forstudiar for handelsavtalar med to andre viktige marknader i Austen - India og Kina. Det er viktig for regjeringa å få til gode avtalar med desse landa.

Når det gjeld eksport, er det ikkje berre låge tollsatsar som er sentralt. Vel så viktig er det at vi og myndigheitene i landa vi handlar med har eit godt samarbeid om mattryggleik. Her har vi i Fiskeri- og kystdepartementet vore særleg opptekne av å jobbe opp mot Kina. Vi har eit godt samarbeid med det kinesiske mattilsynet AQSIQ. Vi er i ferd med å underteikne ein avtale med dei når det gjeld det som på godt norsk heiter ”Sanitary and Phytosanitary Measures”, forkorta til SPS-veterinær- og sanitærreglar. Dette dreiar seg om å sikre gode relasjonar og forståing landa i mellom om at vi held oss til internasjonale regelverk for sanitære forhold knytt til handel med mat.    

Tilgang til marknadene og godt samarbeid knytt til mattryggleik er myndigheitene sine oppgåver. Men næringa må gjere sin del av jobben om nye artar skal få eit kommersielt potensial. Det vil vere naudsynt med marknadsundersøkingar, logistikk og ulike former for marknadsføring.

Godt samarbeid om mattryggleik er ein føresetnad for eksport av sjømat. Vi vonar at det arbeidet myndigheitene gjer for marknadstilgang og anna samarbeid gjer det enklare for norsk fiskerinæring å få omsett produkta sine. 

Like viktig er det å satse på artar der vi veit at det finst ein marknad og at vi kan levere i tråd med dei krav marknaden stiller.

Skal vi få til lønsam industri basert på dei lite utnytta artane våre, må vi i praksis ut av landet for å finne ganar som verdset desse smaksopplevingane. Det inneber ei internasjonal orientering frå første stund. Det handlar ikkje berre om kjennskap til at marknaden eksisterer, men også om kjennskap til kva marknaden ønskjer og korleis kundane vil ha det presentert. Det er sjeldan at dei godt betalande marknadene skrik etter norske produkt. Samtidig veit vi at ein jamn leveranse av eit kvalitetsprodukt – sett med både importøren og forbrukaren sine auge – kan gje ei opning inn i desse marknadene.

Fiskeri- og kystdepartementet har etablert Marint verdiskapingsprogram – som Innovasjon Noreg opererer. Programmet kan kort beskrivast som eit internasjonaliseringsverktøy for norske produsentar. Konkret kan dette skje gjennom støtte til nettverk, kompetanseprogram og utplassering i ein marknad gjennom ei eiga traineeordning. For oss er det sentralt å få eit program som gjer det muleg for norske produsentar – av ulik storleik – å kunne etablere seg i godt betalte marknader. Min oppmoding til produsentar av LUR-artar er difor: Søk samarbeid og etabler nettverk som sikrar jamne leveransar av kvalitetsprodukt til interessante marknader.

Både gjennom Innovasjon Noreg og Marint verdiskapingsprogram kan verksemder søkje støtte til arbeid for å etablere produkta i marknaden.

I budsjettet for 2008 foreslår regjeringa at det vert oppretta eit nytt statleg investeringsfond, med ei ramme på 2,2 milliardar kroner. 500 millionar kroner av desse er øyremerka investeringar i marint næringsliv. Auka tilgang på langsiktig og kompetent risikokapital vil bidra til å styrke marint næringsliv.

Avslutning

Politisk leiing i Fiskeri- og kystdepartementet er opptekne av problematikken knytt til utnytting av nye artar. Vi meiner det er viktig å ta i bruk heile matfatet som ligg utanfor kysten vår.

Eg har no presentert noko av det vi gjer for å sikre at det er best mulege vilkår for å ta i bruk nye artar. Oppsummert kan det seiast slik:

Vi må heile tida fortelje at sjømat er bra for helsa, og vi må styrkje marint næringsliv gjennom ei forsvarleg og kunnskapsbasert forvaltning, finansiering av forsking og utvikling og fremme arbeidet for internasjonalisering i næringa.