Historisk arkiv

Tale på Trafikksentralen ved opninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen - Vardø 23.1.2007

Tale på Trafikksentralen ved opninga

Statssekretær Vidar Ulriksen - Vardø 23.1.2007

Kjære alle saman

Det er ei ære og ei glede for meg å kunne opne den nye trafikksentralen for Nord-Norge i Vardø i dag 23. januar 2007. Eg vil gratulere Kystverket med eit vellukka gjennomført prosjekt. Trafikksentralen reier grunnen for nye mulegheiter og visjonar for sjøtryggleiken i nordområda i åra som kjem.

Trafikksentralen i Vardø vil overvake, rettleie og koordinere sjøtrafikken i eit havområde rikt på naturressursar, og i eit sårbart miljø.

Ei skipsulukke i nordområda vil kunne føre til uoppretteleg skade både nasjonalt og internasjonalt. Skadane kan bli store på fiskeressursane og det sårbare miljøet, og ei ulukke kan gjere energiforsyninga mindre trygg. Tilrettelegging av effektive og sikre transportkorridorar i nord er difor høgt prioritert av regjeringa og dei er viktige element i regjeringa sin nordområdepolitikk.

Eg vil understreke at viktigaste oppgåva vår er å hindre at det hender ulukker. Skulle likevel ei ulukke skje er hovudoppgåva å redusere skadane. Vi treng ein god beredskap, men hovudvekta må leggjast på å styrke den førebyggjande sjøtryggleiken. Trafikksentralen i Vardø er eit svært viktig tiltak i denne samanhengen.

Utfordringar

Vi veit at nordområda i framtida vil bli prega av den globale veksten i sjøtransporten. Fleire varer som skal transporterast er eit teikn på økonomisk vekst og auka velstand. Fiskeri- og kystdepartementet er opptatt av å fremme miljøvennleg sjøtransport, derfor er vi også opptatt av kva fartøya transporterer.

To-tredeler av alt gods som vert transportert på kjøl i norske farvatn er petroleumsprodukt. Frakt av petroleumsprodukt endrar miljørisikoen og set nye krav til sikker og effektiv sjøtransport. Som eg nemnde før i dag har vi no etablert eit heilskapleg system for å møte denne risikoen. Trafikksentralen i Vardø saman med blant anna seglingsleier, AIS og slepekapasitet gjer at eg føler meg trygg på at vi har systemet på plass og kan ivareta omsynet til effektiv og sikker sjøtransport.

Trafikksentralen

Trafikksentralen i Vardø, i vårt nordlegaste fylke Finnmark, får ei sentral rolle i arbeidet med kontroll og overvaking av sjøtransporten i nordområda. Trafikkovervakinga fungerer samtidig som eit bindeledd mellom førebygging og beredskap. Trafikkleiarane vil ikkje berre vere rådgjevarar for skipstrafikken for å hindre ulukker; dei vil også måtte aksjonere når situasjonen krev det. Opplysningane som trafikksentralen sit inne med om fartøyet som treng hjelp, og kva fartøy som er i nærleiken, vil vere avgjerande viktige for å kunne gje den hjelp som trengst, også om det skulle oppstå ein nødsituasjon.

Opning

Det er ei glede for oss i Fiskeri- og kystdepartementet igjen å kunne gratulere Kystverket med det omfattande arbeidet som er lagt ned. Trafikksentralen er klar for drift.

Eg erklærer med dette Trafikksentralen i Vardø for opna.