Historisk arkiv

Ulriksen har opna Kystsogevekene i Austevoll 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Bekkjarvik, 1-2. september 2007

Statssekretær Vidar Ulriksen har opna Kystsogevekene i Austevoll 2007. - Arrangementet ber preg av tradisjonar, av kreativitet og at ein også er open for innspel og impulsar utanfrå, sa Ulriksen.

Kjære austevollingar og tilreisande gjestar!

Takk for invitasjonen!

Eg har sett fram til å få komme til Bekkjarvik for å opne Kystsogevekene i Austevoll 2007. Etter det eg forstår er det 10 år sidan Kystsogevekene gjekk av stabelen fyrste gong.

Stiftinga Kystsogevekene har laga i stand eit omfattande og imponerande program for jubileumsåret, og Austevoll er vertskap for fleire kulturarrangement denne helga.

Kulturen her ute ved havgapet er naturleg nok prega av sjøen - både som kjelde til mat, som transportveg og for fiske. Sjøen har gitt generasjonar eit utkome og  sjølv om det også i dag er ein farleg og krevande arbeidsplass, har den tryggja liv og oppvekst i uminnelege tider.

I fjor haust var eg med på markeringa av at Marsteinen fyr vart overlevert frå Fiskeri og kyst-departementet til Austevoll Kommune.

Eg håpar denne eigedomen vil gje rom for kulturell aktivitet og på sett og vis vise veg og vere eit fyrtårn for kulturarbeidet, om enn  på andre måtar enn lyset frå fyret har vore og er for dei sjøfarande.

Marsteinen var i vår med i konkurransen om å få kongestatuen av  Olav V som Oslo kommune likevel ikkje ville ha. Oppdrettaren som kjøpte den var forresten i si tid, som også eg har vore, elev på Austevoll Fiskarfagskule, om det kan vere til noko trøst.

Kongestatuen står no på sokkel i Skjerjehamn i Gulen.

Rett austafor ligg Gulatingstaden der Gulatingslova og med den grunnlaget for det norske demokratiet vart lagt, slik at vi i desse valkamptider kan legge fram ulike synspunkt og debattere på fredeleg vis og gjennom val la alle vere med å bestemme.

Det skal vi alle vere stolte av.   

Austevoll må vere ein god stad å vekse opp, med full barnehagedekning, gode skular og flotte sports- og kulturanlegg. Og - i tillegg, naturfagre omgivnader. Kommunen må vere eit eldorado for folk som trivst med sjøen.

Her finst vilje til å ta vare på tradisjonar, til å verne og til å vekse vidare. Fortida betyr mykje, men like mykje betyr viljen og evna til fornying. Til å ta i bruk ny teknologi, til å gjere gamle ting på nye måtar, til å utvikle nye varer og tenester.

Innovasjon kallar vi det i dag.

Austevoll har vakse fram som ein av våre aller viktigaste fiskerikommunar.

Men fiskeria har gått gjennom mange omstillingar og det har ikkje alltid vore like gode tider som i dag.

Hardt arbeid og nøysemd kombinert med flinke og dugande folk både på sjø og land, har resultert i utvikling av ei konkurransedyktig fiskerinæring, samtidig som ny næringsverksemd - i havbruk på den eine sida og i olje, gass og anna offshore på den andre, har vakse fram.

Etter kvart får også turisme og reiseliv stadig auka aktualitet og større omfang. Austevoll er klart synleg også på desse nyare delane av næringslivet vårt.

Eit eksempel på det er at Bekkjarvik er kåra til Årets Gjestehavn av båtmagasinet Norske Gjestehavner.

Eg har nemnt sjøen sin verdi for kontakt og kommunikasjon. Bruopninga seinare i haust viser at det også blir satsa på landbasert kommunikasjon. Kulturfellesskap og tradisjon knyter folk saman, det same gjer moderne kommunikasjon. Eit vel utvikla vegnett vil vere eit viktig bidrag til å tryggje framtidig næringsutvikling og busetjing i Austevoll.

Austevoll ser ut til å ha posisjonert seg godt for å møte dei utfordringane landet står over for.

Eit kulturarrangement som det vi no skal delta i er krevjande for eit lokalsamfunn. Eg er viss på at det er lagt ned mange dugnadstimar for å få dette til. Dugnadsånda er viktig for lokalsamfunna våre, særleg innan idrett og kultur. Samtidig som den gjer det mulig å få til store løft og tilstellingar, styrkjer den også fellesskapet og kjensla av å høyre til ein stad.

Arrangementet ber preg av tradisjonar, av kreativitet og at ein også er open for innspel og impulsar utanfrå. Ei slik blanding lover godt for framtida og det er med oppriktig glede at eg hermed erklærer Kystsogevekene i Austevoll 2007 for opna !