Historisk arkiv

Aqva-konferansen på Stord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

21. januar 2010

Regjeringens visjon for norsk havbruksnæringen: En miljømessig bærekraftig næring i vekst

God dag godt folk,

Først vil eg takke arrangørane for invitasjonen til Aqkva-konferansen her på Stord. Dette har blitt ein viktig møteplass for havbruksnæringa på vestlandet, men konferansen har også vokst til ein konferanse som har fått nasjonal oppmerksomhet og betydning. All honnør til arrangørane for eit godt samansett program med nasjonal interesse.

Eg vil bruke innlegget mitt her i dag til å involvere dokke i nokre av sakene som står på dagsorden i departementet, og i tillegg presentere regjeringa sin visjon for havbruksnæringa. Regjeringa er oppteken av  åpenhet og dialog, og ynskjer eit konstruktivt samarbeid med næringa og med næringsorganisasjonane. Det er viktig for oss å høyre dokka sine synspunkt og meiningar på korleis havbruksnæringa også i framtida kan vere ei miljømessig bærekraftig næring i vekst.

Eg bur sjølv i denne regionen (Stavanger), og har sett utviklinga, og oppfatta betydninga av havbruksnæringa for denne regionen, men også for heile Norge.  

Visjon
I den politiske plattformen til regjeringa – ”Soria Moria 2” – er det satt høye ambisjoner for fiskeri- og havbruksnæringa. Regjeringas visjon er at Norge skal være verdens fremste sjømatnasjon. VERDENS FREMSTE SJØMATNASJON. Intet mindre.

Visjoner er noe vi skal strekke oss etter, både næring og myndigheter. De skal inspirere og motivere. At vi skal være verdens fremste sjømatnasjon, krever at vi har kunnskaper som ligger i front på områder som bærekraftig ressursforvaltning og havbruk, havmiljø, klima, produktutvikling og marked.
Regjeringa vil derfor styrke den marine forskninga, og stimulere til omstilling og nyskaping. Samarbeidet mellom forskningsmiljøer, forvaltninga og næringa vil på mange områder være avgjørende for at vi skal lykkes. Vi er avhengig av både hverandres og andres kunnskap.

Eksporttala for 2009 viser ei positiv utvikling for store deler av næringa. Fiskeri- og havbruksnæringa bidrar med nærmare 45 mrd. kroner i eksportinntekter, det er heile 35 millioner sjømatmåltid frå Norge, kvar dag, heile året.

Dette er avgjerande for sysselsetjing og busetting langs kysten. Det bidrar til å gi næringa vår auka goodwill i samfunnet for øvrig.

Samtidig stiller omverdenen krav til at næringa opererer miljømessig forsvarlig. Havbruksnæringa brukar vår felles natur som produksjonslokale, noko som fører til at interessekonflikter ikkje er til å unngå. Det er derfor viktig at næringa er sitt ansvar bevist og følger forskriftsverket, samt at de er innovative og søker etter metoder som kan sikre at produksjonen blir så skånsom mot miljøet som mulig.

Den norske havbruksforvaltninga vert sett på som verdsleiande, men vi har fortsatt utfordringar og kan ikkje la dette synet verte ei kvilepute.

Særleg har lakselussituasjonen langs deler av kysten fått mykje oppmerksomhet i haust og no tidleg på vinteren. Næringa opplevde sist haust ei stor auke i antall lakselus, samtidig som vi så redusert effekt av dei vanlegaste behandlingsmidlene.

Heldigvis har næringa sin innsats ført til ein nedgang i lusetala ved årsskiftet, men situasjonen er fortsatt ikkje heilt under kontroll. Kampen mot lakselus må derfor fortsette med uforminska styrke. Hovedansvaret ligg hos næringa, og eg registrerer at dokke jobbar hardt med å forbedre situasjonen.

Mattilsynet støtter opp om det arbeidet som vert gjort, og vil i tillegg kontrollere og sørge for at alle følger regelverket. I enkelttilfeller kan Mattilsynet da bli nødt til å pålegge nedslakting av laks for å forhindre spredning av resistente lus.

Miljømessig bærekraft
Våren 2009 presenterte regjeringa ”Strategi for en miljømessig bærekraftig havbruksnæring”. Vi har definert fem områder vi mener er dei viktigaste for å sikre ei miljømessig bærekraftig næring:

• Rømming
• Forurensing
• Sjukdom
• Arealbruk
• Fôrressurser

Alle områda er aktuelle her på Vestlandet. Og i noken grad meir her enn ellers i landet. Næringa er ”gammal” her. Den har vore her lenge, og det er fleire aktørar med mange lokaliteter spreidd utover. Det at lokalitetane er spreidd utover er utfordrande i forhold til samordning av utsett og brakklegging, som er viktige virkemidler i kampen mot forurensing og sykdom.

Vi har i kjølvannet av strategien satt i gang en rekke tiltak for å operasjonalisere måla. Vi ynskjer å sikre at havbruk er ei næring vi skal leve av i mange år, utan at miljøet omkring merdene skal verte skadelidande.

Rømming
Rømningsforebyggande tiltak er svært viktig for å unngå genetisk påvirkning av ville bestander. Derfor har regjeringen en visjon om nullflukt. Éin rømt oppdrettsfisk er éin for mykje. Myndighetene og næringa må jobbe i lag for å nå dette ambisiøse målet.

Nylig vart den tekniske standarden for flytende oppdrettsanlegg revidert. Hovedmålet med standarden er å forebygge rømming. Vi har også igangsatt tiltak for å bedre tilsynet med havbruksanlegg, for å sikre at miljøvilkårene i regelverket overholdes. Det er også viktig å auke kunnskapen om rømmingsatferd og -risiko. Dette er eit av dei områda vi vil satse på framover.

Forurensning
Utslepp av næringssalt og organisk materiale frå oppdrett er eit lite miljøproblem i Norge som helhet, men i enkelte områder kan oppdrettsverksemda ha negative miljøvirkninger. Det er viktig at produksjonen på kvar enkelt lokalitet er tilpassa til bæreevna til lokaliteten.

I dag vert det gjennomført obligatorisk overvåkning av bunnforholda under og nær oppdrettsanlegg, gjennom såkalte MOM-undersøkelser. Det er viktig å vurdere belastninga frå oppdrettsvirksomhet i ein større samanheng. Derfor vil vi stimulere til utvikling av MOLO, som skal vere eit helhetlig system for regulering av miljøvirkninger og arealtilpasninger.

Lakselus
I august 2009 vart det fastsett ei ny luseforskrift som gir Mattilsynet fleire verktøy i kampen mot lus på fisk, og utviklinga av lus som er resistente mot dei kjemiske midla som er i bruk i næringa i dag. Ettersom problema auka utover hausten har vi vore svært tydelege på at næringa må ta det ansvaret som påligger dem, og at Mattilsynet må bruke alle tilgjengelige virkemidler der dette er nødvendig.
 
Rett før jul vedtok vi ei forskrift for samordna vinter og våravlusing. Denne forskriften har som formål å sørge for at smittepresset av lakselus skal være så lavt som mulig når laksesmolten forlater elvene til våren. Samordninga bidrar også til redusert medikamentbruk, noke som er viktig i disse dager, når resistensspøkelset henger over næringa.

Her på Vestlandet har også tradisjonen for bruk av leppefisk vore sterk, og det er fortsatt mange som bruker dette som ein del av sin totale bekjempelsesstrategi mot lakselus.

Areal
PD-fri-prosjektet har tatt tak i mange av utfordringane med å vere trangbodd her på vestlandet, og har lagt ein plan for ei endring av lokalitetsstrukturen i næringa. Planen er ambisiøs, og det vil ta tid før vi kan sjå alle fordelane av ein bedre geografisk struktur på lokalitetene.

I fjor haust nedsatte Fiskeri- og kystdepartementet eit ekspertutvalg for effektiv og bærekraftig arealbruk i havbruksnæringa, leda av fagdirektør Peter Gullestad i Fiskeridirektoratet. Utvalget skal foreslå ein ny overordna arealstruktur for havbruksnæringa som helhet.

Arbeidet som legges ned i disse to gruppene vil vere eit viktig grunnlag for videre utvikling av næringen.

Fôr
Det er viktig å merke seg at verdensproduksjonen av fiskemjøl og fiskeolje har vore på det same nivået dei siste 30 åra. Men fordelinga er annerledes no enn for 30 år sidan, da mesteparten gikk til oppfôring av storfe, gris og kylling som er mykje dårlegare til å utnytte dette enn fisk.

Fisk utnytter marine fôrråstoffer sytti prosent betre enn kylling og dobbelt så bra som gris. Også i miljøregnskapet har norsk oppdrettslaks kommet gunstig ut. Miljøregnskapet viser at en kilo norske laksefileter som blir omsatt i Paris, medfører et utslipp på cirka 2,5 kilo CO2-ekvivalenter. Av dette står transporten for om lag en kvart kilo. Mens kjøttvarer ikke kommer like gunstig ut av dette regnestykket heller. For eksempel medfører produksjon av 1 kilo svin cirka 5,9 kilo CO2ekvivalenter og 1 kilo storfe 30 kilo CO2ekvivalenter.

Selv om det er slik, er det viktig at næringa sørger for å benytte råvarer i sin fôrproduksjon som kommer fra bærekraftig forvaltede bestander. Teknologiutvikling som gjør at fôret vert utnytta betre av fisken, samt bedre teknologi for å redusere fôrspill vil bidra til å senke forbruket av fiskemjøl per kilo produsert fisk ytterligere. Vi er også opptatt av å få til økt bruk av marine biprodukter i fôrproduksjonen. 
 

Hardangerfjorden
Et område i regionen har fått spesiell oppmerksomhet når det gjeld miljø. Hardangerfjorden er eit av norsk havbruksnærings arnesteder, og det har blitt drevet oppdrett og gründervirksomhet her sidan 60-tallet.

Etter meldingar om at dei ville laksestammene og sjøørreten sliter med å overleve, og meldingar om mulig overgjødsling som skuldast havbruksnæringa, beslutta vi å ta eit kvileskjær for å få oversikt over situasjonen. Ei eiga forskrift om forvaltning av Hardangerfjorden har vore på høyring og vil bli fastsatt om ikkje altfor lenge. 
 

Utsetjing av den planlagte veksten i 2010
På grunn av lakselussituasjonen besluttet fiskeriministeren som kjent å utsette den varslede kapasitetsøkningen innan lakseoppdrett i 2010. Dette viser at myndighetene mener alvor med at miljømessig bærekraft går foran økonomisk vekst. Det er opp til havbruksnæringa sjølv å bevise at man kan vokse innenfor miljømessig bærekraftige rammer. Eg har tru på at dette er mulig, men vi vil ikkje tillate vidare vekst før næringa har fått lakselusa under kontroll.

Mange områder i regionen vart unntatt frå tildeling i forslaget om tildeling av 5 prosent vekst i 2010. Det er flere årsaker til dette, men alle er knytta til miljømessig bærekraft. Det er viktig for meg å understreke at det å havne i eit område der det ikkje var foreslått 5 % vekst i 2010, ikkje betyr at man står utanfor i eventuelle framtidige runder.
 
Det er viktig at næringa er sitt ansvar bevist og legger opp til å ta andre samfunnshensyn også ved planlegginga av videre vekst. Næringa er avhengig av legitimitet ellers i samfunnet, både lokalt, sentralt og i markeda. Det er alltid betre å være proaktiv og forebygge problemer, enn alltid å være på etterskudd å måtte rydde opp etter seg i medias mørke søkelys.


Og så har eg ei utfordring til dere til slutt:
Kvifor har vi ikkje den fremste industrien i verda innan foredling?
Eg veit alt om toll på foredla produkt og høge lønnskostnader. Men kvifor er vi då ikkje betre på teknologiutvikling som kan redusere lønnskostnadene.  Eg trur dette, saman med berekraftsspørsmålet blir det viktigaste for laksenæringa å gjere noko med. Så spør mange kvifor er no det viktig då, når næringa tener så godt på å vere råvareleverandør til fiskeindustrien verda over?

Spør ordførarane i dei kommunane som legg til rette for havbruksverksemd på sjøareala sine, og det einaste dei ser er forbåten som lossar fôr på ein flåte betjent av røktarar busett i nabokommunen. Eg har møtt fleire av dei. Og eg har møtt andre som heller ikkje lèt seg imponere over kva havbruksnæringa generer av aktivitet og sysselsetjing. Så kan ein vere einig eller ueinig i det, men eg trur næringa gjer klokt i å ta det til seg.
Både berekraft og sysselsetjing handlar om næringa sitt samfunnsansvar og eg utfordrar de til konstruktiv debatt om det.

Det er viktig å huske på heimemarknaden, sjølv om hovudinntekta kjem frå eksport. Heimemarknaden er eit utstillingsvindauge for norsk sjømat, og har aktualitet for næringa sitt omdømme i befolkninga. Eg meiner at nordmenn skal kjenne eigarskap til og stolthet over norsk sjømat, og kjenne seg sikre på at norsk oppdrettsfisk er basert på berekraftige prinsipp.

Næringa er full av kreative, dyktige menneske som med innsatsen og kunnskapen sin skaper verdiar i lokalsamfunna langs kysten og eg ønskjer de lukke til med det vidare arbeidet.


Takk for meg!