Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

MAREANO: Verdi og visjonar for framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si opningstale på MAREANO-konferansen, Forskningsparken, Oslo 6.mai 2010.

Opningstale på MAREANO-konferansen, Forskningsparken, Oslo 6. mai 2010

 

Kjære alle saman

Det er ei glede å få komme hit og opne MAREANO-konferansen 2010. Eg skal helse dykk så mykje frå fiskeri- og kystministeren som diverre er forhindra frå å vere her i dag.

MAREANO har gitt oss ny kunnskap om livet i havet – om artsmangfald og samspelet i økosystemet, og om verknader av næringsverksemd.

Norge var det første landet i verda som starta med statlege fiskeriundersøkingar. Det er vi i Fiskeri- og kystdepartementet er veldig stolte av. Blant norske forskingsprosjekt i dag står mellom anna MAREANO-forskinga som eit nybrottsarbeid internasjonalt.

”Du ska itte trø i graset. Spede spira lyt få stå. Mållaust liv har og ei meining, du lyt sjå og tenkje på”, sa Einar Skjæraasen. Meininga med MAREANO er nettopp å få kunnskap om liv i havet som vi hittil ikkje har visst om. Sjølv det minste liv har ein funksjon og ein plass i ein større samanheng. Med MAREANO veit vi no at det er mykje vi ikkje veit. Men vi ønskjer nettopp å finne ut kva plass desse ukjende organismane har i økosystemet vårt.

Dette er kunnskap vi treng! Difor er MAREANO høgt prioritert i Fiskeri- og kystdepartementet. Eg vil minne om at MAREANO starta i 2005 med ei samla løyving på 5 millionar kroner. I 2010 er løyvinga tidobla til 51,5 millionar!

MAREANO har hittil kartlagt totalt 1500 artar, og faktisk avdekka heile 16 nye artar! Både spennande og imponerande! Funna har vekt så mykje oppsikt at Dagbladet, Aftenposten og mange andre aviser har omtalt det i vår!

Eg må innrømme at eg har enkelte kunnskapshòl om livet og levemåten til havedderkoppar, nakensneglar, grisehalekorallar og ormeblautdyr! Men i denne forsamlinga er kunnskapen til stades.

Om nokre år er dette kanskje artar som har ein fullverdig plass i kunnskapsbildet vårt om økosystemet i havet. Etter fotografia frå MAREANO å dømme, ser desse nye bekjentskapa riktig interessante ut!

Likevel - det MAREANO til no har funne på havbotnen, er kanskje berre ein liten del av dei ukjende artane vi kan komme til å oppdage. Som regel er det slik at når ein først begynner å kartleggje, finn ein meir enn det ein hadde tenkt.

Kunnskapen som MAREANO bringar fram, kjem ikkje berre fiskeri- og kystforvaltninga til gode. MAREANO er ei samfinansiering mellom vårt departement, Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. Også Olje- og energidepartementet bidreg med sin marine kunnskap i styringa av MAREANO. Dette seier noko om det tverrfaglege ved MAREANO og om nedslagsfelt og brei produksjon av kunnskap.

Vi bygger vår forvaltning på kunnskap. Kunnskap er viktig for å kunne ta gode avgjerder!

MAREANO har fått fram vesentleg ny og detaljert informasjon om naturtypar, undersjøiske landskap og artsmangfald i særleg verdifulle og sårbare område som Lofoten, Tromsøflaket, kysten langs fastlandet og Eggakanten.

Den nye kunnskapen gir oss viktig grunnlag for å ta avgjerder om korleis havområda våre skal brukast.

Og kampen om arealbruk i havet er av dei viktigaste spørsmåla vi må hanskast med i dag. For meg handlar dette om korleis næringsinteresser og marint liv kan blomstre side om side. Men det er dei biologiske ressursane som må komme først i forvaltninga av havet – fordi dette legg premissane for at folk i framtida også skal kunne leve av det som kan haustast frå havet.

MAREANO har i år levert resultat til Faglig Forum. Resultata er brukt til å utarbeide det faglege grunnlaget for oppdatering av forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten.

Eg meiner MAREANO er eit glimrande eksempel på korleis forsking kan brukast aktivt som grunnlag for avgjerder når politikken skal formast.

Vi i den politiske leiinga i Fiskeri- og kystdepartementet er ikkje berre opptekne av fisk, men også av alt anna smått og stort liv i havet. Havområda våre har eit enormt naturmangfald – dette veit vi, men vi veit enno ikkje nok om korleis dette mangfaldet ser ut.

I Fiskeri- og kystdepartementet har vi i mange år vore opptekne av havmiljøet også – alt det livet i havet som ikkje er fisk eller direkte matauk. Dei små organismane, som mellom anna finst på havbotnen er grunnlaget for alt større liv i havet!

2010 er Naturmangfaldåret – å hegne om naturmangfald i havet er heilt nødvendig. Vi veit at dersom vi endrar balansen i det marine økosystemet, kan også dei fiskebestandane som fiskerinæringa nyt godt av, komme til skade. Og i ei tid med utfordringar knytt til klima og havforsuring er det blitt endå viktigare å sikre robuste havressursar som kan gi eit stabilt utbytte på sikt. Eit stort og levedyktig artsmangfald aukar sjansen for at miljøet i havet vil kunne tilpasse seg og blomstre under nye klimatiske forhold.

Havet er også eit av våre klimabarometer – difor er innsamlinga av marine data frå havet veldig viktig for klimaforskinga og for kunnskapen om klimaendringane. God og langsiktig overvaking av det som skjer i havet gir oss kunnskap til å trekkje slutningar om konsekvensane for fiskebestandar, havmiljø og marine økosystem. For vi veit at endringar i klimaet påverkar livet i havet.

Når temperaturen i havet endrar seg, kan det føre til endringar i livsvilkåra for fleire marine artar, og samansetninga av økosystemet kan endre seg på forholdsvis kort tid.

MAREANO kan gi oss ny kunnskap om klimaverknader på organismar i havet, og har allereie påvist nye artar som vi tidlegare ikkje har sett i våre farvatn. Er dette eit teikn på at også botndyr flyttar seg mot nord, spør eg? Og vil dette kunne få følgjer for anna liv i havet?

Eg vil også trekkje fram ei anna side ved MAREANO, som kan få meir å seie i framtida. Botnkartlegging og artsfastsetjing kan i dag vere spesielt aktuelt med sikte på bioprospektering, og særleg gjeld det djuphavskorallar. Regjeringa har ambisjonar om å kunne utvikle marin bioprospektering til ei levedyktig nærings- og forskingsverksemd på lang sikt. MAREANO kan bli ein kunnskapsleverandør for ei slik næringsutvikling.

MAREANO bringar fram heilt nødvendig kunnskap om det marine økosystemet. Kunnskapen gir Fiskeri- og kystdepartementet eit grunnlag for å utvikle ei økosystembasert forvaltning. For andre forvaltningsinstitusjonar gir MAREANO kritisk grunnlagsinformasjon for å bestemme korleis andre næringsvegar kan utvikle seg. I tillegg får vi datagrunnlag for kor sårbart miljøet er og for havorganismane si evne til å overleve.

MAREANO-funna viser at det er viktig å gå grundig til verks. MAREANO er ikkje – og skal i framtida heller ikkje vere – eit ”venstrehandsarbeid” – til det er det altfor viktig. Vi må bruke tid og tolmod for å kartleggje områda i Barentshavet og Lofoten. Deretter kan vi begynne på Norskehavet. Val av metode, dekningsgrad og kor tett prøvene skal takast under kartlegginga, må vurderast på fagleg grunnlag ut frå det som er særeige for kvart område.

Ambisjonen vår er at MAREANO skal fortsetje med å levere forskings- og overvakingsdata med høg kvalitet og dermed auke kunnskapen vår om livet i havet i lang tid framover. Ved å levere løpande, relevante resultat til dei som tek avgjerdene i forvaltninga, skal MAREANO medverke til politikkutforming og forstandig forvaltning av livet i havet.

MAREANO har ein framtidsretta rolle. Og hadde vi ikkje allereie hatt MAREANO, trur eg vi hadde vore nøydde til å finne det opp på nytt!

Tusen takk for meg!

Til toppen