Historisk arkiv

Storberget gjesta NYPD

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Justisminister Knut Storberget gjesta i går Domestic Crime Unit ved New York-politiet. Han blei imponert over kva han såg.

  Kathy E. Ryan og Knut Storberget.

Kathy E. Ryan, leiaren ved Domestic Crime Unit, og justisminister Knut Storberget.

Justisminister Knut Storberget gjesta i går Domestic Crime Unit ved New York-politiet. Han blei imponert over det han såg.

– Politiet her dreg på heimegjesting til familiar som er utsette for vald. Kanskje er det noko for Noreg? Det enkle er ofte best, seier Storberget.

Domestic Crime Unit arbeider utelukkande med vald i nære relasjonar, og leiaren av eininga, Kathy E. Ryan, kunne fortelje Storberget at det er politiet sitt nærver og oppsøkjande arbeid som sterkt bidreg til at overgrepstala går ned.

Politiet treng inga rettsavgjerd for å møte opp på døra di, så lenge du slepp dei frivillig inn.

– Dette viser at arbeidet med vald i nære relasjonar ikkje treng å vere så komplisert. Det handlar fyrst og fremst om menneskeleg kontakt, seier Storberget.