Historisk arkiv

Forslag til endringar i tomtefestelova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Justisdepartementet sender i dag på offentleg høyring spørsmål om lov- og forskriftsendringar om tomtefeste. Forslaget gjeld mellom anna tidspunkt for innløysingsretten for bustadhus.

Pressemelding

Nr.: 6 - 2006
Dato: 27.01.2006

Forslag til endringar i tomtefestelova

Justisdepartementet sender i dag på offentleg høyring spørsmål om lov- og forskriftsendringar om tomtefeste. Dette gjeld

  • tidspunktet for innløysingsretten for bustadhus
  • unntaket frå innløysingsretten for fritidshus i statsallmenningar mv., under dette også eit spørsmål om endring av fjellova, og eit spørsmål som gjeld Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark
  • unntaket frå innløysingsretten for fritidshus som høyrer til landbrukseigedomar
  • tvisteløysingsordninga ved regulering av festeavgift og ved innløysing

Høyringa har utgangspunkt i Regjeringas politiske plattform, framforhandla på Soria Moria september/oktober 2005.

Høyringsfristen er 1. mars 2006, og spørsmåla vil etter det bli fylgt opp med bakgrunn i høyringsfråsegnene. Oppfylginga vil ha høg prioritet.

Utafor denne høyringa fell punktet frå Soria Moria-forhandlingane om at regjeringa vil instruere statleg styrte fond og statlege eigedomar. Desse skal bli instruert til å gi festaren innløysingsrett anna kvart år til 30 gonger konsumprisregulert opphavleg leige, og dei som ikkje ynskjer innløysing skal få tilbod om vidare leige regulert med konsumprisindeks. Dette punktet blir fylgt opp som ei eiga sak av Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Aktuell lenke: