Historisk arkiv

38,6 millionar totalt i auka tilskot til operaverksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 113/06
Dato: 06.10.2006

38,6 millionar totalt i auka tilskot til operaverksemd

Regjeringa gjer framlegg om at Den Norske Opera får eit driftstilskot på 296,4 millionar kroner for 2007. Dette er ein auke på 34,9 millionar kroner i høve til 2006.

Auken er ledd i ei opptrapping som starta i 2004 og som vil halda fram til Den Norske Opera har fått den dimensjoneringa som drifta i det nye huset føreset.


3,7 millionar til styrking av region- og distriktsoperafeltet
Tilskota til Steinvikholm musikkteater og Ringsakeroperaen blir styrkte med vel 0,3 millionar kroner kvar, mens Operaen i Kristiansund får ein auke på 0,9 millionar kroner. Opera Sør får ein auke på 0,4 millionar kroner.

I Bergen vart Den Nye Opera etablert i 2006 og mottok eit statstilskot på 0,5 millionar kroner. Opera Vest har oppretta eit positivt samarbeid med stiftinga. Frå 2007 foreslår departementet eit samla tilskot til Den Nye Opera og Opera Vest på 4,1 millionar kroner, som er ei styrking på 1,7 millionar kroner.

Vest Norges Opera har førebels vore meir avventande til invitasjonen om samarbeid. Tilskotet til Vest Norges Opera er foreslått redusert til 1 million kroner i 2007.